Januar 1996
Tilfellet Willoch
Når eg ser Kåre Willoch, den stadig meir offensive samfunnsdebattant, tenkjer eg ofte på ei kveldsvakt i Dagsnytt på byrjinga av åtti-talet. Willoch var statsminister. Vaktsjefen ga meg på tampen av kvelden i oppdrag å lage eit innslag til 07.30-sendinga dagen etter. Det prestisjefylte, britiske magasinet "The Economist" hadde nemleg laga ei "cover story" på norsk økonomi og politikk. Det var ei rad artiklar som analyserte Noreg. The Economist var kritisk til den oljeavhengige økonomien vår. Bladet var også kritisk til regjeringa Willoch, som det meinte ikkje hadde gjort noko særleg, bortsett frå å oppløyse NRK-monoplet.
"The Norwegian economy is in a mess", skreiv The Economist, hugsar eg. Den unge reporter med blikk for fengslande overskrifter, greip sjølvsagt straks dette poenget. Neste dag kunne det norske folk ved frokostbordet høyre at "den norske økonomien er i eit einaste rot, ifølgje "The Economist". Deretter følgde eit kjapt samamdrag av kritikken som det konservative britiske magasinet retta mot den konservative norske regjeringa med Kåre Willoch i spissen. Innslaget vekte oppsikt.
Den som likte det aller, aller dårlegast var statsminister Kåre Willoch, som meinte eg ikkje hadde gitt noko rett bilde av artiklane i "The Economist". Han gjorde innslaget i Dagsnytt om til eit spørsmål om dårlege engelskkunnskapar i Dagsnyttredaksjonen.
Kollegaene mine i stortingsredaksjonen, Olav Versto og Håvard Narum, kunne fortelje at statsministeren gjekk nede i Stortinget og klagde på meg og innslaget. Han hadde hengt seg skikkeleg opp i det. Særleg var det tungt å svelgje at eg hadde omsett "in a mess" til "eit einaste rot". Willoch insisterte på at dette ikkje var rett. "In a mess" måtte forståast langt mildare - "at det stod dårleg til". Sa Kåre Willoch.
Det gjekk eit par dagar. Så kom kritikken offentleg. Ikkje alle journalistar har opplevd å bli skjelt ut med fullt namn på ei heilside i VG av statsministeren. I alle fall ikkje for dårlege engelsk-kunnskapar. Eg har alstå det. Willoch var skikkeleg irritert, og ein såpass omfattande kritikk frå ein statsminister var noko som gjekk rett til topps i kringkastinga på den tid. Den som måtte fram med alt underlagsmateriell, notat og ordbøker til sjefane var programsekretær Norulv Øvrebotten. Eg var skikkeleg glad då programdirektør Gunnar Gran til slutt rykte ut med innlegg i VG og ga meg full støtte. Gran viste til at ordbøkene våre omsette "in a mess" med "i et eneste rot/ i et eneste virvar".
1-0 til meg over Kåre Willoch. Som no igjen blei "mobba" for engelsken sin. Like før hadde han sagt "Good day" i starten på ein fjernsynstale i Amerika, og utløyst ein himla diskusjon om det betydde "God dag" eller "Farvel". Dei fleste fagfolk meinte det siste, og i så fall var det ikkje akkurat rette måten å opne ein tale på. Willoch, han heldt på sitt. Ravnane Hugin og Munin i Vårt Land hadde gode dagar så lenge Willoch var statsminister. Både med "God day" og "in a mess".
Min vesle, sjølvopplevde anekdote fortel mykje om tilfellet Kåre Willoch. Han har alltid vore duksen i klassen, og alle elskar å tukte duksen, som du veit. Spesielt når han gjer feil. Og det heilt spesielle med Willoch har alltid vore at han aldri vedgår feil. Pr. eigen definisjon er han så å seie feilfri. Han held på sitt til siste nikk. Det er Willochs svake side.
Ei anna svak side er tendensen til å henge seg opp i detaljar og aldri bli ferdige med dei. Ein statsminister burde sjølvsagt ikkje bruke mykje tid på engelskkunnskapane til ein tilfeldig radioreporter og eit negativt oppslag i Dagsnytt. Det var likevel typisk av Willoch å gjere slikt. Han tente lite på filologiske diskusjonar. Der var han på bortebane, men kanskje ikkje alltid så mykje som mange meinte. Eg kunne ikkje anna enn flire då eg kom til Canada fleire år etter den selsomme debatten om "Good day".
Der borte trefte eg den eine etter den andre som sa "good day" når dei opna samtalen. Kanskje Willoch ikkje var så dum likevel på amerikansk fjernsyn? Det er iallfall fullt mogeleg å seie "good day" på engelsk som opning midt på dagen. Så mykje har eg lært etter kvart som eg tok kritikken frå Willoch innover meg og tok til å betre på engelskkunnskapane. Han hadde nemleg eit lite poeng, den gode Willoch, sjølv om han ikkje klarte å ta meg på "in a mess".
Du kan vere usamd med Kåre Willoch, men det er vanskeleg å unngå å få respekt for kor dyktig denne mannen er. Klartenkt. Analytisk. Polemisk. Ingen tvil om at Willoch er ein av dei flinkaste politikarane som Noreg har fostra i etterkrigstida. Måten han held fram med å utvikle seg på både som menneske og politikar, står det respekt av. Eg likar mykje meir den nye, radikale Willoch enn den gamle, konservative. Kåre Willoch framstår i dag som ei stjerne i norsk samfunnsdebatt. Klar, klok og farleg radikal. Faktisk er han blitt så radikal at han går til åtak på Arbeidarpartiet frå venstre og avdekkar konsekvensen av at ideologiane skal vere døde.
Sjølv for Willoch er det i drygaste laget at millionærane har ein skatt på 28 prosent, medan dei som arbeider har ein skatt på opp mot 50. Dette har medført langt større skilnader mellom folk, meiner Willoch, og oppslaget i Aftenposten denne veka om 30.000 nye millionærar etter at regjeringa Gro Harlem Brudntland overtok i 1990, stadfestar det han seier. Willoch påpeikar noko alle kan sjå: Det er dei kjappe spekulasjonsgevinstane som blir lettast skatta i dagens Noreg.
For grasrota i regjeringspartiet er dette faktumet sjølvsagt svært ubehageleg å bli mint om. For skattepolitikken er ikkje lenger ideologisk basert. Den er ikkje lenger rettferdig. Den favoriserer kapital framfor arbeid. At det er blitt slik, er lett å forklare: Kapital kan lett flytte seg over landegrenser. Berre eit par tastetrykk skal til. Difor er det vanskeleg å skatte kapital tyngre i Noreg enn andre land.
Arbeid er langt mindre flyktig. Difor er det enno mogeleg å skatte arbeidsinntekter tungt. Det same gjeld formue i form av fast eigedom. Det kan heller ikkje så lett flyttast. Kåre Willoch hadde ein finansminister, Rolf Presthus, som på spøk samanfatta skattepolitikken sin på denne måten: "Hvor mye penger har du? Hvor er de? Når kan vi komme og hente dem?" Det som altså var spøk på åtti-talet er blitt politisk rettesnor på nitti-talet, og Kåre Willoch av alle har sett ord på noko som folk flest med arbeidarbakgrunn opplever som djupt urettferdig.
Det kan bli litt av eit liv på neste landsmøte i Arbeidarpartiet om ein delegat med evne til prinsipiell tenking, gjer framlegg om at arbeid ikkje skal skattleggast hardare enn kapital. Det burde eigentleg ha vore sjølvsagt at eit slikt framlegg blei samrøystes vedteke i eit sosialdemokratisk parti, men eg tvilar på at det skjer i Arbeidarpartiet av i dag.
Det meste i norsk politikk er snudd opp ned. Willoch medrekna. Han blir likevel ikkje ferdig med å minne sin argaste motstandar frå 80-åra, Gro Harlem Brundtland, om at ho brukte opp alle femti oljemilliardane som han etterlet seg på bok, og at ho attpåtil har sett over styr eit par hundre oljemilliardar i tillegg for å halde styrefart på skuta Noreg. Tapet av taburetten i 1986 svir, og Willoch er oppteken av ettermælet som statsminister. Om dette er nok meiningane delte, men som samfunnsdebattant bør han få eit godt ettermæle. Det er altfor få willochar i dagens ordskifte. Han blir altfor lett åleine om å tenke nytt og spennande.
Når du ser den briljante fylkesmannen i sving på TV, skal du hugse på at dette er ein gjennomført profesjonell aktør på den offentlege scene. Han er frekk som få. Eg hugsar ubåtjakta i Hardangerfjorden, også det på åtti-talet. Forsvaret hadde om natta skote med terne-rakettar mot det som ein trudde var ein ubåt. Dette var toppsaka vi jobba med om morgonen, sjølvsagt, og eit par minuttar før hovudsendinga klarte vaktsjef Per Ståle Lønning å få kontakt med statsministeren. Willoch kjende ikkje til noka ubåtjakt i det heile teke. (At Dagsnytt var først til å informere forsvarsminister, statsminister og andre toppar om slikt, var slett ikkje uvanleg.)
Per Ståle sette Kåre Willoch inn i situasjonen, ba han vente på telefonen og gjekk i studio, der han avfyrte følgjande spørsmål til Willoch på direkten: - Kjende verkeleg ikkje statsministeren til den storstilte ubåtjakta i Hardangerfjorden? - Å, joda, selvsagt kjente jeg til den, svarte frekke Willoch utan å nøle og framstod som den velinformerte statsminister som han burde ha vore. Og Per Ståle? Han fekk sure telefonar og brev frå folk som meinte det var uhøyrt å stille statsministeren eit slikt spørsmål! Nei, Kåre Willoch er ikkje lett å bryne seg på. Han er og blir eit spesielt tilfelle i norsk politikk.
Les neste
|
|