Stortingsval, sjølvrespekt og sunn fornuft
Snart er det stortingsval, og vi lever i ei tid der politikarane er meir opptekne av å vere likte enn respekterte. Så langt har valkampen stadfesta ei utvikling som har vore på gang lenge. Eg undrar meg ofte over kor tid dagens fremste politikarar set seg inn i sakene og styrer landet. For dei brukar nesten all tid på media. For å bli best mogeleg likte.
Eit demokrati, eit folkestyre, er mellom anna kjenneteikna av at du og eg har ei røyst kvar. Uavhengig av kva vi eig av gods og gull skal vi ha same innverknad på korleis interessene til fellesskapet skal bli forvalta. Det er grunntanken. Likevel snakkar stadig fleire framståande politikarar om at Staten, fylkeskommunane og kommunane skal styrast som følgje av eigedomsretten. Anten det er snakk om skular, sjukeheimar eller kva det no skulle vere av tidlegare offentlege institusjonar. Før styrte av organ i forvaltninga.
Både Høgre og Arbeidarpartiet snakkar no som om eigedomsretten til produksjonsmidlane er blitt sjølve nøkkelen til effektiv styring. Til og med sjukehusa skal styrast som følgje av at Staten visstnok skal eige sjukehusa. Der skjer det no ”produksjon” i staden for behandling. Slik det gjorde før. ”Staten har overteke. Staten er no sjukehuseigar”, seier topp-politikarane. Som er stolte over garantien for soliditet som ligg i denne politiske proklamasjonen. Om å ha laga revolusjon og teke kontroll over produksjonsmidlane.
Dei som arbeider på sjukehusa er likevel ikkje blitt statstilsette, og i grunnboka står eit føretak oppført som eigar. Har då Staten overteke? Begge delar kan ikkje vere sant. I så fall har Noreg oppheva alle lovers mor, kontradiksjons- prinsippet. Som seier at ikkje noko både kan vere sant og usant til same tid. All fornuft elles i verda er grunnlagt på denne lova. Men i Noreg har altså Staten overteke sjukehusa, men ingen som jobbar der er statstilsett.
Denne typen tankegang om styring av forvaltninga - som i dag gjennomsyrer det politiske miljøet - har aldri vore karakteristisk for demokrati, men heilt andre styresett. Sjølv Einar Gerhardsen sa at eigedomsretten berre hadde ein sosial funksjon. Eigedomsrett gir under ingen omstende deg og meg lik innverknad på forvaltninga av felles interesser. Slik røystesetelen gjer.
Det er bedrifter og privat verksemd elles som blir styrte som følgje av eigedomsretten i eit marknadsbasert demokrati, ikkje forvaltninga. Men i denne vår nye tids uorden er det meste snudd på hovudet. Så no styrer politikarane forvaltninga som følgje av eigedomsretten når veljarane har gitt dei rett til å styre som følgje av røysteretten. Men bedrifter som Staten eig heilt eller delvis styrer dei ikkje lenger som følgje av eigedomsretten. Slik andre som eig bedrifter gjer. Kvifor skal då Staten eige bedrifter?
Innanfor ei anna viktig følgje av folkestyret, nemleg lov og rett, medfører den fragmenterte staten at Staten kan stille deg og meg ansvarleg for alt, men du og eg kan snart ikkje stille Staten ansvarleg for noko. Berre prøv. Du møter berre eit føretak. Dette gjorde du ikkje på Gulatinget eller andre ting i gamle dagar då konfliktar blei løyste fredeleg på tingvollen. Så vi tek ofte eit steg fram og to tilbake på ein gong i utviklinga.
Politimeisteren kan gi deg bot viss du gjer noko gale, men gjer ho eller han noko gale, er det kome noko som heiter føretaksstraff. Som kan gjere ho eller han personleg ansvarsfri. Sjølv om løna er dobla på grunn av meir ansvar. Asymmetrisk statsstyring kan du godt kalle den aktuelle tilstanden overalt her i landet i dag. Du er som statsborgar svakare enn nokon gong i høve til Staten.
Det er blitt veldig komplisert å styre Noreg som du skjønar. Problemet blir ikkje mindre av at politikarane er blitt mindre kompliserte. I alle parti. Det er ei naturleg følgje av at stadig færre menneske vil engasjere seg i politikk, og i alle fall ikkje dei flinkaste vil det. Darwins lov gjeld andre vegen også. No følgjer det snart eit stigma ved å være stortingsrepresentant. Som gjer deg uskikka til andre yrke for resten av livet.
”Å organisere”, sa Ole Brumm, ”er det vi gjer før vi gjer det, så det ikkje blir eit einaste rot når vi gjer det”. Nemleg. Eit problem er dessutan per definisjon avstanden mellom det som du har og det som du ønskjer deg. Noreg er no i ferd med å organisere den offentlege forvaltninga på ein måte som er rasjonelt umogeleg å styre som følgje av røystesetelen. Indirekte styring krev under alle omstende ekstremt mykje meir av leiareigenskapane hos dei styrande enn direkte styring. Berre dei absolutt beste manipulatorar kan greie dette godt nok. Og då ved å dobbeltkrysse flittig.
Så når du har eit slikt system og ønskjer å styre ærleg og på ein måte som kan seiast på førehand, er avstanden mellom det som du har og det som du ønskjer deg blitt veldig stor. Eit stort demokratisk problem er skapt. Dette blir stadig større. Stadig større avstand oppstår mellom det som vi har og det som vi ønskjer oss. For så å meistre kompleksiteten i styringsvanskane som oppstår, blir det stadig tilsett fleire folk. Noko som ikkje kan ha anna følgje enn å gjere tilstanden verre og lage systemet endå meir komplisert og uhandterleg. For alle som har med systemet å gjere.
Som vanleg statsborgar skal du også vere ung, sterk og smart, og ikkje minst frisk, for å kunne klare deg i eit slikt system. Men det er vi ikkje. I alle fall ikkje heile livet. Så stadig fleire blir knuste og eliminerte i dagens Noreg. Mellom anna går dette fram av den eksplosive veksten i talet på uførepensjonistar. Dei fleste som følgje av psykiske lidingar. Ikkje så rart eigentleg at psykiske skader blir resultatet. For mennesket tilhøyrer faktisk naturen. Den er alltid rasjonelt organisert med ditto følgjer.
Når vi så i motsetnad til naturen organiserer fellesskapet på ein måte som er i strid med grunnleggande rasjonelle og fysiske lover, skader sjølvsagt følgjene av dette sinnet. I alle fall hos dei som kan tenke. Folk kjem fort i skvis mellom ulike system. Som også lett kan motverke kvarandre. Ikkje minst fordi samverket mellom dei er blitt for vanskeleg å orkestrere. Staten og det offentlege elles har ikkje leiarar på noko nivå med høg nok funksjonsevne til å klare ei så vanskeleg oppgåve. Å leie er å få ting gjort, men i ein kropp der beina ikkje er para ein gong på førehand, er det uråd å få dei med seg når du skal gå og gjere noko.
Funksjonsevne er alltid relativ til kor vanskeleg ei oppgåve er og kor omfattande denne oppgåva er. Årsaka til at funksjonsevna hos eit menneske eller ein annan organisasjon ikkje er høg nok i forhold til oppgåva, er i ein slik samanheng irrelevant. Anten det no skulle ha som årsak sjukdom eller manglande fagleg dugleik. I alle fall seier det seg sjølv at funksjonsevna skal vere veldig høg både hos dei styrande og dei styrte for å klare å handtere eit system som er rasjonelt umogeleg å handtere i utgangspunktet.
Desse høge krava blir ikkje betre å oppfylle når vi som blir styrte som regel møter dette systemet først for alvor når funksjonsevna er nedsett som følgje av sjukdom. Følgja er at tryggleikssystema våre kan bli relevante for den enkelte borgar meir som trugsmål mot tryggleiken enn som forsvar for tryggleiken. Før vi personleg møter systemet på denne måten, veit vi ikkje kor gale det er. Mennesket er så viseleg laga at det ikkje bryr seg om ting som det ikkje forstår. Før det må.
Du skal vere veldig frisk og gløgg for å klare deg i eit slikt system som nettopp er skapt først og fremst for å hjelpe sjuke og mindre gløgge - anten dette er ei følgje av varige eller mellombelse skader, ungdom eller alderdom. Noreg er i ferd med å gjere Kafka til røyndom for vanlege folk. Så snart taket i livet glipp aldri så lite. Det kan dei sjølvsagt ikkje tåle. I ein slik situasjon. Noko dei heller ikkje gjer. All statistikk underbyggjer det. Stresset blir for stort. For lenge. Folk kan falle mellom stadig fleire stolar og miste taket på røyndommen. Det som ikkje kan gripast er ubegripeleg, og det som er ubegripeleg kan ikkje gripast.
”Alt som er skapt med det gode som føremål, kan brukast til det motsette”, sa Aristoteles. Han var filosofen som fekk attesten ”den personifiserte intelligens”. Av læremeisteren Platon. Få har tenkt betre enn dei greske klassikarane.
Å snu eit system som er skapt med det gode som føremål til det motsette, altså til det vonde som føremål, kan skje medvite og med føresett. Slik Sovjetunionen så genialt gjorde mot dissentar og andre opposisjonelle for at systemet sjølv skulle bli lurt til å knuse dei. (For deretter å kunne bruke psykiatrien mot dei også og gravlegga dei som zombiar. Levande lik. Utan at legane forstod kva dei var med på.)
Det vonde sitt imperium, som tidlegare president Ronald Reagan kalla Sovjetunionen, var ein realitet for altfor mange. Reagan såg dette klarare enn noko andre, sa sanninga og handla med kraft. Viktigast var kanskje å overtale Saudi-Arabia i løyndom til å auke oljeproduksjonen sterkt, med stort prisfall på olje til følgje i 1985. Noko som var ein spydspiss i hjartet til den sårbare sovjetiske økonomien. Som kvilte på eksportinntektene frå olje. Slik også Noreg gjorde. Den kalde krigen blei vunnen. Sjølv om den kalde krigens slutt fekk paradoksale følgjer enkelte stader, idet dei som i første rekke hadde vore med på å vinne, etter kvart tapte for dei som hadde tapt. Dette var jo heilt logisk. Om du kjende premissane.
Når du snur eit gode som passasjerfly og brukar det som bombe mot forsvarslause sivile, skjer same type transformasjon av føremål som Sovjetunionen var ein slik ekspert på. Frå det gode til det vonde. Denne bruken av det gode til det motsette kan også skje umedvite, slik det no skjer her i landet. Der heile velferdsstaten kan bli snudd mot det enkelte mennesket.
Statoil hadde for ein del år sidan ein kjend filosof frå California knytt til seg som rådgivar. Peter Kostenbaum framheva særleg kor lumsk høgteknologi kan vere for å fremje interessene til byråkratiet:
”Byråkrati er egentlig ikke mulig uten sakkyndig bruk av høyt utviklet informasjonsteknologi. Og byråkratiet er hammeren som blir spikeren i tyranniets kors. Raffinert undertrykkelse kan oppstå under en tilsynelatende velmenende regjering med upersonlige og ødeleggende regler. Det kan også være fysisk ødeleggelse, tortur og død”, skreiv Kostenbaum i boka ”Filosofi i næringslivet” i 1986. Dette er tjue år sidan snart. I dag kan høgteknologien gjere byråkratiet som tyranni endå meir effektivt. Særleg i eit ineffektivt system.
Det byråkratiske dyret har, som den høgt omtykte amerikanske strategen Edward N. Luttwak påpeikar, visse karakteristiske trekk i framferda. I den naturlege tilstanden. Det veks i storleik og utvidar aktivitetssfæren inntil det blir stansa av krefter utanfrå. Denne rolla er vanlegvis spela av det finansielle byråkratiet (til dømes Finansdepartementet her), som oppfyller instinktet og motset seg vekst i andre byråkratiske organisasjonar. Like viktig som avgrensande faktor er det samstemte presset av individuelle byråkrati. Som kvar for seg kjempar for å ta vare på og utvide territoriet. Den kumulative følgja av dette samla presset er å avgrense veksten i byråkratiet totalt. Utan desse kreftene ville alle innbyggjarane i utvikla land snart ha vore tilsette i det statlege byråkratiet. Seier Luttwak.
Som følgje av dei enorme oljeinntektene, har Noreg stadig færre slike krefter som avgrensar veksten i talet på offentleg tilsette. Byråkratiet eksploderer, og vi kan sprenge grenser som ingen rik nasjon før har klart. For vi gir smør på skiva til mange byråkratar i FN også. I tillegg. Vi har dessutan som uttalt politisk mål hos begge regjeringsalternativa om at det skal bli ført ein utanrikspolitikk som vil føre til at endå fleire blir sysselsette i dette byråkratiet. Pluss i andre liknande byråkrati rundt om i verda.
Dette fenomenet blir forsterka av at topp- politikarane våre ikkje vil bli fylkesmenn lenger, men vil ha toppstillingar i internasjonale byråkrati når dei går av. Slike pensjonsinnskot er dessutan veldig dyre. For innskota skjer indirekte gjennom løyvingar til føremål som framstår som langt meir ideelle enn dei kanskje er. I realiteten. Så vi kan med oljepengane om nokre år meir enn oppfylle Luttwaks dystre profeti om kva som matematisk naudsynt må skje med eit land som mistar alle sperrer på dette området.
Stadig fleire nordmenn er altså tilsette i det offentlege, direkte eller indirekte, stadig fleire indirekte som pensjonistar, og mange andre er også indirekte knytte til Staten. Ikkje minst har finansielle aktørar sjølvsagt eit vake blikk for å kunne hente bitar av statsrikdommen straks han ikkje blir vakta godt nok. I Nord-Noreg blei tilskot frå det som heitte Distriktenes Utbyggingsfond kalla ”egenkapitalen” før. No er eg stygt redd for at denne eigenkapitalen mest er å finne i Oslo. Dit det meste av kapitalen no strøymer, og kor spekkhoggarane er flest.
Alle samfunn opp gjennom tidene med von om å overleve, har vore grunnlagt på erkjenninga av at sjansen til å klare seg best og overleve er større når dei kloke styrer dei mindre kloke. Også dette forholdet er vi i ferd med å snu på hovudet her i landet som følgje av alle pengane frå oljen. Pengar er no alle tings målestokk, og dei beste leiarane med røynsle frå livets harde realitetar går til næringslivet. I stadig større grad.
Spørsmålet er då om dei mindre kloke kan styre dei som er meir kloke. Særleg viss dei siste vil ha mest mogeleg av rikdommen som dei med mindre handbagasje skal ta vare på og forvalte som følgje av at dei så stolt styrer som følgje av eigedomsretten. Som dei visstnok skal ha fått til å styre med som følgje av røysteretten din og min. Svaret er: Neppe. Det blir for komplisert og uoversiktleg. Pluss ubegripeleg.
Godt lovar det iallfall ikkje når til og med samane kan klare å kare til seg 96 % av jorda i Finnmark. Som dei no skal styre som følgje av eigedomsretten til det som før var Statens grunn. Rett nok skal dei styre saman med nokre andre ikkje-samar som gjer det også som følgje av røysteretten, men det er sjølvsagt berre mellombels. Det mellombelse er ikkje i slike samanhengar noko som enno ikkje er blitt varig. Slik det ofte elles er. Det veks også heile tida fram nye opne og skjulte strukturar mellom statleg verksemd og næringslivet som er uoversiktlege. Dette kan føre til uheldige tilstandar.
Når eit morselskap i Røkke-systemet og det viktigaste selskapet i landet, pengemaskinen Statoil, skiftar toppsjef med kvarandre i ein rokade på sjakkbrettet, blinkar ingen raude lys hos dagens politikarar. Heller ikkje hos pressa. Slike tilstandar er sjølvsagt uheldige prinsipielt og skulle ha vore unngått i praksis. Trass alt er det også her ein tidlegare biltjuv som vi har med å gjere. Til overmål. Jamfør opplysningar om fortida i ein enno ikkje rettskraftig dom i Oslo byrett for korrupsjon. Likevel ingen varsellys.
Den praktiske skilnaden i følgjene av dei politiske alternativa ved dette stortingsvalet, er kanskje berre kor stort tempo som byråkratiet skal vekse i. For no skal det offentlege bruke meir pengar enn nokon gong. Alle flokkar seg i sentrum, det ekstreme sentrum. For å vere med på å bruke all denne rikdommen. Dess meir pengar å handtere, jo meir makt, er tanken. Ingen tenkjer på avmakta som er innebygd i systemet. Avmakta kjem sjølvsagt til å vekse i direkte korrelasjon med veksten i systemet. Med veksten i byråkratiet. For folkestyret er ikkje akkurat dette lovande. Sett nedanfrå vil folk oppleve at alle dei gale tinga kjem til å halde fram med å bli gjort gale i stadig større grad.
Ingen av regjeringsalternativa vil no fortelje deg kva politikk som dei skal føre som følgje av eigedomsretten. Ikkje før etter at eit av partia har fått røysta di. Kanskje ikkje då ein gong. Redsla for å hamne utanom det ekstreme sentrum er større enn ved noko val før. I alle parti. Følgja er at vi som veljarar berre har å halde oss til kva motpartane i konkurransen om regjeringsmakta påstår om kvarandre. Om kva politikk som kjem til å bli ført viss den andre kjem til makta. Slik motparten altså framstiller den andre. Noko sikkert og påliteleg grunnlag er ikkje akkurat dette for rasjonelle og pålitelege val hos deg og meg. Då er det meir rasjonelt å slå krone og mynt faktisk. Før du går inn i røystelokalet 12. september.
Ikkje rart at politikarforakten aukar hos veljarane når veljarforakten er blitt så stor hos politikarane. I eit samfunn som er i ferd med å snu på hovudet forholdet mellom kven som styrer kven, er det farleg for dei styrande i dag å undervurdere intelligensen til dei som skal bli styrte. Folk flest forstår veldig mykje. Ofte mykje meir enn dagens politikarar har føresetnader til å forstå. Vanlege menneske treng berre av og til hjelp til å setje ord på det som dei skjønar. Dessutan er menneske flest meir opptekne av å bli respekterte. Enn likte.
I dette ligg vona. Om å berge sjølvsrespekten til slutt. For dei fleste av oss.
Godt val! Berre slå krone og mynt i valet mellom dei to regjeringsalternativa. I alle høve er ei slik handling mest rasjonell i dagens system. Viss du er i villreie. Når du har gjort valet ditt på denne måten, kjem du til å oppdage at du om morgonen dagen etter vil kunne sjå deg sjølv i spegelen og spørje: Er eg ærbar og rein? Og svaret vil vere: Ja! Eg har gjort det som var mest fornuftig. Mest rasjonelt. I ein slik ubegripeleg situasjon. I eit land der valfridomen er ein illusjon når alle politiske parti er ein integrert del av eit ofte opplevd irrasjonelt politisk system, og der desse strukturelle defektane er maskerte ved hjelp av ubegripeleg mykje pengar. At ingen regjeringsalternativ vil fortelje deg stort anna enn påstandar om den andre, gjer det ikkje mindre rasjonelt å kaste krone og mynt.
Hugs at det finst førti ulike former for galskap, men berre ein sunn fornuft, som eit afrikansk ordtak seier. Men det stammar frå tida før Noreg tok til å hjelpe Afrika med å bygge byråkrati. Hammaren som altfor ofte blir spikaren i krossen til tyranniet. Overalt.
Les også førre kommentaren, om terror, publisert 12. juli 2005:
"Krigen mot krigen - følgjene av ein absurditet" (nynorsk)
Bokmålsversjonen finn du her
|
|