September 1995
Missionær i Zululand
Ingen kan seie at vi har skapt eit godt samfunn når gravsteinar blir velta i hopetal, slik det skjedde på Randaberg sist helg. Resekt for dei døde har alltid vore høgt verdsett. Til og med i dei mest primitive kulturar. Vi får vone at ein dag vil også gravskjendarane på Randaberg oppdage alvoret i det brotsverket som dei har gjort seg skuld i. Ein dag vil kanskje også dei oppdage kor fint det kan vere å spasere langs velstelte graver i doggvått gras.
Aldri er lufta klarare enn i slike stunder. Aldri er fargane sterkare. Aldri er sinnet rolegare. Aldri er minnene sårare. Du lever på ein gravplass. Kjenner hjartet banke og blodet strøyme. Særleg når du står på kanten av ei grav til nokon som står deg nær. Når du tenkjer på alle usagte ord og ugjorte handlingar. Mange har stått slik før deg og felt tårer. Tårer over kjære som ligg der nede og pressar levande prestekragar opp mot deg. Gravstader fortel. Om vår og andre sin kultur og utvikling.
Eg går rett som det er på gravplassar. Der finn eg ro. Der finn eg fred. I sommar tok eg til og med eit bilde av ein gravstein i Sogndal. Anna Cathrine Schreuder (fødd Smith) døydde ein junidag i 1832. Ho blei knappe femti år, men så levde ho også i ei heilt anna tid. På attenhundretalet låg kyrkja midt i bygda og døden midt i livet. Anna visste ikkje kva livsbragd ho hadde gjort då ho gjekk bort.
Hans Paludan Smith Schreuder miste mor si berre femten år gamal. Han blei seinare ein kjend og akta mann - den første norske misjonær i Zululand. Schreuder døydde der nede, i Natal, i 1882, og i 1927 reiste misjonsvener ein bauta i Sogndal over mor hans. Ei naiv, men fin og god gjerning. Steinen varmar enno hjarterøter og sinn når du står der i graset og les kva som står på han.
På den store bautaen står det: "Anna Cathrine Schreuder, fødd Smith i Larvik 10. nomber 1782, død i Sogndal 25. juni 1832. Hun var mor til den første missionær i Zululand, Biskop Hans Paludan Smith Schreuder født paa Kjørnes i Sogndal, død i 1882 i Natal".
Debatten om innvandring gjorde at eg kom på Anna Cathrine Schreuder her om dagen. For det er vanskeleg å forstå kva som rører seg i nordmenn flest, viss ein er historielaus og ikkje kjenner eigen kultur. Alle er vi på eit vis misjonærar i Zululand. Alle har vi ein Schreuder i magen. Eit kall til å omvende andre, slik at dei blir som "oss".
I forhold til folketalet må vel Noreg vere landet med flest misjonærar. Det ligg i folkesjela, det ligg overalt, det ligg i litteraturen. "Troll - vær deg selv nok,",sa Dovregubben i Ibsens "Peer Gynt". Vi er troll til å påverke andre, men er mindre villige til å bli påverka sjølve.
"Me veit det, men liga det ikkje," sa misjonsvener som blei konfronterte med at Jesus drakk vin. "me veit det, men me liga det ikkje, " seier sikkert også framandhatarar som sit på Dolly Dimple og et suksess-pizzaene til kypriotiske Andreas Hatjoulis. (prøv nr. 5!) Vi veit at innnvandrarar har gjort kulturen vår rikare, anten det gjeld pizza eller kinamat, men vi likar det ikkje. Det er hardt å vedgå. Sjølve har vi typisk nok berre gitt omverda ostehøvelen.
Rasisme er eit ord som er lett å misbruke. Eigentleg handlar rasisme om å nekte å bli kjent med andre menneske. Om å nekte å forstå dei. Bak eit slikt syn ligg ein djup pessimisme på eigne vegne. Ei manglande tru på eigne krefter og evner. Faktisk trur vi ikkje at Noreg er sterkt nok til å overleve møtet med andre kulturar. Open rasisme i form av aggresivt framandhat og nazisme er neppe noko stort problem her til lands. Då er den moderlege rasismen vår mykje verre.
For den moderlege rasismen er innebygd i folkesjela og alle politiske parti. Den gir seg uttrykk i omsorg og overberande smil. Den moderlege rasismen får oss til å behandle utlendingar nærmast som barn. Og vesle, svarte Zambo lir sjølvsagt lukkeleg over alle dei fine, nye kleda som han får. Det same blir Bambo, og kvifor skal dei arbeide når sosionomar og politikarar i Noreg aldri stiler krav, men berre deler ut zulu-kjeks?
Korleis kan vaksne og ressursterke menneske bli integrerte i det norske samfunnet når dei blir handsama som ressurssvake barn? Å skulde på innvandrarane er feil. Det er ofte menneske med tiltakslyst og gode evner, men haldningane våre har som konsekvens at dei fort finn seg sjølve att i små zululand rundt om i dei norske storbyane.
Eg vil våge den påstand at ein innnvandrar frå den tredje verda stort sett berre kan velje mellom å bli kjeltring eller sosialklient. At ni av ti innvandrarar er avhengige av sosialhjelp, skal vi difor vere glade for. Alternativet er ikkje hyggeleg. Når mange nordmenn oppfattar innvandrarar som ufordragelege og kravstore, har vi ingen andre enn oss sjølve å takke. Truleg er det vi som har gjort dei sånn.
Den moderlege rasismen er ei drivkraft i norsk politikk. Du finn han på begge sider i EU-debatten. Nei-sida bygde på argmentet om at Noreg var best. "Me elskar deg, Norge", sa plakaten til Ola Braut på Klepp. Javisst, det gjorde ja-sida også, men helst på meir urbant bokmål.
For på ja-sida var kronargumentet at vi skulle inn i EU for å påverke. "Dei" skulle bli som "oss", og så vidt eg forstod skulle det heller ikkje ta så veldig lang tid før EU var som Noreg. Ingenting skulle bli endra i Noreg om vi blei medlemmer. Det var EU som skulle bli som oss. Påfallande, ikkje sant?
Fordi den moderlege rasismen er eit så sterkt karaktertrekk ved oss, er det få eller ingen som reagerer på at statsminister Gro Harlem Brundtland reiser til Kina, Indonesia og Singapore. Alle desse landa har til felles at dei bryt grunnleggande menenskerettar.
Indonesia har drepe 200.000 menenske på Aust-Timor, og Kina sprengjer langt fleire atombomber enn Frankrike for tida. Kva ville ha skjedd om Gro hadde reist til Paris? Kva hadde skjedd om FNs kvinnekonferanse hadde vore der og ikkje i Beijing?
Svaret gir seg sjølv. Kvifor er det slik? Fordi vi ventar ikkje at folk skal oppføre seg annleis i Zulland, halvville som dei er. Norsk verdsoppfatning, tradisjon og omsorg kjem her inn med full tyngde. Bak dei ulike reaksjonane mot Kina og Frankrike må det nødvendigvis ligge ei førestilling om at kinesarar er mindre verd enn franskmenn.
Dei forstår ikkje betre, stakkarane. Frankrike er meir på vårt nivå, kanskje ikkje fullt så sivilisert. Dei er jo katolikkar, et froskar og sneglar, og er ikkje heilt stovereine på andre måtar heller. Kanskje vi skulle ha sendt ein ny Schreuder til Paris? Det er mange mødre som burde ha ein bauta over seg i Noreg. Sannsynlegvis dei aller fleste.
Les neste
|
|