Krigen mot krigen - følgjene av ein absurditet
”Vi må vere klarsynte i byrjinga. For i det som er i den spede vekst oppdagar vi ikkje faren, så når han er i full styrke, er vi ikkje i stand til å finne fram til botemiddel”
Desse visdomsorda frå Montaigne innleiar eit kapittel i ei viktig amerikansk bok frå 1995. Både boka og Montaignes observasjon er aktuelle som aldri før. Alle som har interesse av forsvars- og tryggingspolitikk, og dagens terrortrugsmål og felles tryggleik, burde lese denne boka. Ikkje minst militære og politiske leiarar av i dag. Livet er for kort til å gjere alle feil sjølve, vi må difor lære av andre sine feil. Då er Robert S. McNamaras ”In Retrospect – the tragedy and lessons of Vietnam“ ein klassikar. McNamaras tilbakeblikk er av høg verdi for tida som vi no lever i.
Robert S. McNamara var forsvarsminister under både presidentane John F. Kennedy og Lyndon B. Johnson på sekstitalet. Med bakgrunn frå sjefjobben i General Motors var han kjend for sine store analytiske evner og ditto arbeidskapasitet. Han var alltid brutalt oppteken av å halde menneskelege kjensler utanfor analysene slik at dei var klinisk reine. McNamara er mellom politikarane som i ettertid er blitt omtalt som ”the best and the brightest”.
Likevel grov han og USA seg stadig djupare ned i ei militær og politisk hengemyr som heitte Vietnam, og i denne boka forklarer han korleis det kunne skje. Korleis feil etter feil blei gjort. Om frustrasjonen. Om den katastrofale utviklinga heile tida som endte opp med komplett nederlag i 1975 og langt over 55 000 falne. Om korleis USA snubla inn i krigen, og kvifor det stadig blei vanskelegare å trekke seg ut. Parallellen til dagens Irak er slåande. USA har gjort ein stor feil ved å invadere Irak, seier Russlands president Vladimir Putin, og legg til: Men det vil vere ein endå større feil å trekke seg ut frå Irak.
Likevel er vel ikkje noko anna utfall tenkeleg etter kvart. Spørsmålet er i grunnen berre om det skjer før president George Bushs periode er over, eller etterpå, og kva måte det skal skje på og kva følgjer det får. Albert Speer fortel i sine memoarar at Hitler spøkte med at han skulle setje inn Stalin som tysk guvernør i Sovjetunionen så snart han hadde fullført invasjonen og okkupert landet, for Stalin var den einaste som kunne styre den gjengen, som han sa. Kanskje Saddam Hussein er den einaste som kan styre Irak etter kvart også. I det minste må USA eller irakarane sjølve finne fram til ein leiar som er like omsynslaus eller meir om stabiliteten i området skal bli attvunnen og sikra.
”Eg har høyrt at skilnaden mellom resultat og konsekvensar, er at resultat er det vi ventar, konsekvensane er det vi får," skriv Robert McNamara, og meiner det var svært dekkande for oppfatninga av Vietnam sommaren og hausten 1965. Realitetane kolliderte då for alvor med det som var venta. ”Vi hadde ikkje før teke til å setje ut i livet planen om å auke talet på soldatar dramatisk, før vi blei klar over at det var grunn til å stille spørsmål ved strategien som planen var bygd på. Sakte blei det pinleg openlyst kor sterke avgrensingar det var i militære operasjonar.
”Eg hadde alltid vore trygg på at alle problem kunne bli løyste, men no var eg konfrontert med eit problem - som involverte nasjonal stolthet og menneskelege liv – som ikkje kunne bli løyst. Oppfatninga mi av krigen skifta gradvis frå uro til skepsis til frustrasjon og til angst. Oppfatninga skifta ikkje som følgje av at vi blei trøytte og slitne (fatigue), slik mange har hevda, men fordi eg stadig fekk større angst av at fleire og fleire menneske blei drepne og vi var ikkje i stand til å oppnå måla våre.”
Denne situasjonen er USA komen opp i på nytt. Få eller ingen mål blir nådd. Ikkje ein gong når dei skiftar. Noko som er skjedd med måla heile tida. Skilnaden er dessutan at tapa ikkje berre kjem lokalt og militært, men også globalt. Blant tilfeldige sivile. Dette kan gjere Irak mykje verre enn Vietnam. For oss alle.
Robert McNamara var som eldre mann modig nok til å vedgå sine feil. Bodskapen hans i 1995 var at du må tenkje klart i byrjinga av ein slik konflikt, stille dei rette og relevante spørsmåla og innsjå at berre innbyggarane i det aktuelle landet kan vinne krigen. Vilkåret er ei sterk, stabil og effektiv regjering som har den fulle lojalitet og støtte frå folket. I Irak manglar USA no omtrent alt for å vinne etter kvart. Det same gjer irakarane sjølve.
Krigens logikk er dessutan paradoksal, ikkje lineær, og den same dynamikken som får statsminister Kjell Magne Bondevik til å hoppe på og delta i okkupasjonen når det går bra og hoppe meir og meir av når det går dårleg, gjer seg gjeldande hos alle menneske som er involverte i ein krig. I større eller mindre grad. ”No forstår eg at det går rett veg,” sa general Charles de Gaulle tørt då til og med prestane strøymde til og helsa han varmt under marsjen mot Paris i 1944. Når prestar spring andre vegen, er dette eit tilsvarande dårleg teikn for krigsherrar.
Krigens dynamikk rullar no med større tyngde mot USA både i sjølve Irak og elles i verda. Ikkje lenger for USA og oss andre som er med i "koalisjonen av dei villige". For Noreg er også med i denne alliansen som no blir tvinga på defensiven. Sjølv om det norske militære engasjementet er innhylla i humanitært prat der det er mogeleg. Eg tvilar på om nordmenn under krigen la særleg vekt på om tyske soldatar var frå Austerrike eller sjølve Tyskland. Irakarar og afghanarar skil neppe særleg meir mellom amerikanarar og nordmenn. Ein okkupant er ein okkupant.
Situasjonen blir ikkje betre av at kanskje aldri har nokon leiarar tenkt mindre klarsynt før eit felttog enn denne gongen. No tenkjer eg ikkje berre på katastrofen i Irak, men på heile krigen mot terror etter 11. september 2001. På sjølve grunnlaget. Målet er ikkje definert godt nok. Tvert om er det overordna målet rasjonelt umogeleg. Det er faktisk ein absurditet. Ganske enkelt. Det er meir eigna til å lure folk enn til grunnlag for operative tiltak, og det gir legitimitet for også undertrykkande regime langt frå demokrati til å terrorisere opposisjonen med fare for terror til svar. Ein terrorist hos undertrykkaren blir lett ein fridomskjempar hos den undertrykte.
Terror er på same måte som krig elles eit middel til å oppnå politiske mål, og det kan vere eit ekstremt effektivt middel. Noko dei siste åra har vist. Men intelligente menneske som aldri ville ha funne på å seie at vi skal føre krig mot krigen, seier no heile tida at vi skal føre krig mot terror: ”War on terror” er det store slagordet, og det har same villeiande tiltrekninga som slagordet "Nei til atomvåpen" hadde under den kalde krigen. Det er vanskeleg å seie seg usamd, men problemstillinga er likevel irrelevant i forhold til politiske og militære realitetar. Krig og politikk må ha relevante og rasjonelle mål for å lukkast.
Slagordet "krig mot terror" er nemleg - ved nærare rasjonelt ettersyn -like meiningslaust som å krige mot krigen, og kan ikkje ha anna logisk utfall i den ytterste følgje enn at vi til slutt endar opp med å krige mot oss sjølve. Mot alt vi står for. Noko vi allereie langt på veg gjer ved å undergrave stadig fleire rettar som den personlege fridomen kviler på i vestlege land. Vi fører krig mot krigen med dei paradoksale følgjer som dette har.
Noreg er meir utsett for terror som følgje av engasjementet i Afghanistan og Irak. Dette seier også Politiets Sikkerhetsteneste (PST), så styresmaktene våre er fullt klar over risikoen som blir teken. At risikoen kan auke før valet her heime i september, er også ganske innlysande. Bombene i Madrid før valet i fjor snudde opp ned på spansk politikk og førte sjølvsagt til at alle dei spanske soldatane blei trekte ut av Irak. Terror hadde igjen vist seg som eit svært effektivt middel for å oppnå eit mål. Det skal halde hardt å halde oppe den politiske støtten for å okkupere Irak i Storbritannia også etter terroråtaka i London denne sommaren. Alt dagen etter bombeeksplosjonane i London lak det ut offisielle britiske rapportar om planar for å trekke tilbake dei fleste soldatane frå Irak.
Er Noreg villig til å betale ein så høg pris i "krigen mot terror” som politikarane våre er i ferd med å la oss betale? Dersom Kjell Magne Bondevik, Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland og alle andre som har vore med på dette militære eventyret utan særleg debatt på førehand, kan sjå det norske folk inn i augo etter at nokre hundre menneske i alle aldrar er maltrakterte på Karl Johan eller kor det no enn skulle vere, og seie at dette er prisen vi er villige til å betale for ”krigen mot terror”, då er det kanskje greit. Vi har altså sendt soldatar og offiserar til Afghanistan og Irak med opne auge, klar over at ein katastrofe kunne skje her heime som følgje av krigen vår ute.
Dette er ei ærleg sak. Samd eller usamd i ein slik politikk. Vi ofrar nokre av våre landsmenn, kvinner og barn og kven det tilfeldig enn måtte vere som får armar og bein rivne i filler og blir forbrende overalt, for at vi andre som er att skal kunne leve slik vi vil sjølve. Dette er i det minste rakrygga.
Men dette er jo slett ikkje tilfelle. I det verkelege liv. Vi har så svake leiarar at dei omtrent ber om å få ei bombe blåst av, kanskje nettopp fordi dei er så svake. Dei kan såleis i seg sjølve utgjere ein tryggingsrisiko for oss alle. For alle veit at dei vil hoppe rundt i terrenget med det same det smell, islamske fundamentalistar er heller ikkje dummare enn folk flest, og at alle norske militære difor vil vere ute av Afghanistan og Irak ganske snart etter eit åtak her heime. Same kva USA og andre seier. Så då kunne vi kanskje ha spart oss for mange menneskeliv og meiningslause lidingar ved å trekke oss ut før det smell. For vi kjem heilt sikkert til å gjere det når bombene har gjort sitt. Det skal stor styrke til for å tåle denne type tap. USA treng no kanskje sanne vener, ikkje vener som blir usanne straks det smell.
Dette landet er ikkje villig til å betale andre prisar enn det som kan målast i pengar. Alt anna er illusjonar. Strategien som alle planar hittil er bygde på, kan fort bli endra når dei maktpolitiske realitetane innhentar oss. Viljen vår til å krige mot krigen kan ikkje berre bli bøygd, den kan bli knust. På få minutt.
Om ikkje anna vil veljarane sørge for at alle soldatar kjem heim, viss tidspunktet blir like kaldblodig valt som i Madrid. Men så modige er vi ikkje at vi handlar før det er for seint. Motet mangla då spiren for alt blei lagd. No er faren meir overhengande, og motet er neppe større. Truleg mindre. Noreg er som regel i krig fordi leiarane våre manglar mot, ikkje fordi dei har det. Noreg har for tida politikarar tilpassa eit stort oljefond, ikkje krigsvilkår. Dette er eit land kor det er meir pengar enn vett.
Fordi vi ikkje er klarsynte verken i byrjinga eller seinare, og manglar ein framsynt tryggings- og utanrikspolitikk som kan unngå eller i alle fall minske faren for at det smell her, står vi utan botemiddel når faren er i ferd med å kome for full styrke. Det blir å ta beina fatt. Med Kjell Magne Bondevik til nærmaste fjelltopp. Men statsministeren kan denne gongen neppe sleppe unna ansvaret like lett ved å seie at han er sjokkert og lei seg og at han skal setje ned ein kommisjon for å sjå om noko kunne ha vore gjort annleis. Eller ved å love å be for dei pårørande og ta ein milliard eller to ekstra frå fondet. Land har ikkje moral, berre interesser, og vi har inga nasjonal interesse av å betale dyrt i form av blod og menneskelege lidingar her heime. Ei slik interesse finst det ikkje folkeleg grunnlag for i Noreg.
Regjeringa og det politiske miljøet elles har teke ein veldig høg risiko med opne auge og har inga orsaking viss vi må betale den same grusomme prisen som menneske i London eller Madrid har gjort. Truleg skulle eg ha skrive når i staden for viss.
Resultat er nemleg det vi ventar. Følgjene er det vi får.
-------------------------- Les bokmålsversjon av same kommentar
|
|