November 1995
Juletre til Kina?
Kven bryt nesten alle menneskerettar som tenkast kan? Kina. Kven køyrer med stridsvogner over ungdommen sin og drep dei i tusenvis om så er? Kina. Kven skyt fangar, parterer dei nærmast på staden for å bruke nyre, hjarte, armar og bein til reservedelar for overklassen i sitt klasselause samfunn? Kina. Kven prøvesprenger atomvåpen oftere enn nokon andre? Kina. Kven drep jentebabyar for å halde folketalet nede? Kina. Kven rustar opp meir enn nokon andre i Asia og trugar maktbalansen? Kina. Kven okkuperer på det mest brutale nabolandet Tibet? Kina. Kven aukar forureininga mest i verda? Kina. Kven undertrykker elementære faglege rettar og arresterer alle som vil organisere seg? Kina. Likevel: Hurra for Kina, det siste kommunistiske diktatur i verda! Det er like før Noreg sender juletre til Den Himmelske Freds Plass.
Fullt så langt har vi enno ikkje gått i vår nasegruse beundring for Kina, men vi har sendt Gro med eit følgje på 60-70 politikarar og forretningsfolk som glitter og pynt. Når peking-endene går ned på høgkant, er det lett å gløyme at verten har blodige hender. “Etter eit slikt måltid skriv eg under på kva som helst”, sa tidlegare utanriksminister Henry Kissinger under Nixons besøk i Beijing i 1972. Dei hadde då fått eit overdådig måltid med Peking-and, og skreiv under ei rekke avtalar som var til stor fordel for Kina.
Kvifor sat underskriftene så laust hos durkdrevne politikarar som Kissinger og Nixon? Den norske kinaeksperten Halvor Eifring meiner at amerikanarane var totalt uførebudde på den plass strategisk tenking og psykologisk manipulasjon har i Kina. “Krigføring er kunsten å bedra”, sa Sunzi for to tusen år sidan, og professor Eifring viser til at dette er ein del av kinesisk kulturarv som også blir brukt i fredeleg samkvem. Dermed gjeld læresetningar som står temmeleg langt frå våre ti bod: “Drep med lånt kniv!”, “Slå graset for å skremme slangen ut!”, “Lokk fienden opp på taket og fjern stigen!” Kinesarane har vakse opp i ein kultur der evna til dobbeltspel er heilt avgjerande sjølv mellom familie og vener, fortel Eifring.
Så når Gro sa at menneskerettar er viktige, svarte nok verten at det var han samd i. Dermed er alt fryd og gammen i slike stunder. Alle er samde og peking-ender blir fort kalde på tallerkenen. Då får det berre våge seg at kinesarane legg noko heilt anna i menneskerettar enn nordmenn. Kvifor gå djupere inn på det? I Kina er det ein menneskerett å drepe med lånt kniv. I alle høve for dei som sit med makta.
Eg har sans for realpolitikk, men ikkje hykleriet i norsk utanrikspolitikk. Kina bryr seg neppe stort om kva Noreg meiner når alt kjem til alt. Det er likevel kraftig kost å sjå statssekretær Jan Egeland - ein fødd idealist frå Stavanger - bli skrella av mykje av sin integritet som menneskerettsforkjempar i Redaksjon 21 på NRK.
For den tidlegare leiaren av Amnesty International må det vere ille og sitje og forsvare Gros besøk i Kina. På moralsk og menneskerettsleg grunnlag finst det ikkje forsvar for eit slikt besøk. Det kan berre forsvarast ut frå snevre forretningsmessige interesser, og besøket stadfestar at Gro meir og meir ser på seg sjølv som konsernsjef for Noreg AS.
At ho ikke avbraut gjestinga ein dag eller to for å delta i Rabins gravferd, tyder også på at det politiske gangsynet ikkje er heilt bra om dagen. Trass alt var Oslo-avtalen noko av det fremste Noreg har oppnådd i internasjonal politikk, og Rabin var eit tragisk offer for denne prosessen. Fred kostar. Eg vil tru at også president Bill Clinton hadde presserande gjeremål som han måtte skyve til side på kort varsel. Det finst viktigare oppgåver enn å opne giftfabrikkar for Borregaard og helse på norske studentar i utlandet.
Eg sluttar aldri å undre meg over korleis folk endrar seg når dei får framståande posisjonar. Jørgen Kosmo fekk erklært Horten som atomvåpenfri sone som lokalpolitikar i Vestfold. Det er faktisk ikkje mange år sidan. No er han forsvarsminister og styrer eit forsvar som blir meir og meir avhengig av kor truverdig NATOs kjernefysiske våpen er, dei franske medrekna, om det skal ha avskrekkande verknad.
Kosmo har tydelegvis akseptert dette, og bra er det, men når kollegaen hans, Gudmund Hernes, møter opp på Høgskulesenteret i Stavanger og ikkje vil drikke fransk vin, er toppen nådd av hykleri og populisme, spør du meg. Iallfall når sjefen hans reiser til Kina få dagar etter.
Då har eg faktisk langt meir sans for handelsminister Grete Knudsen som reiser til USA og ifølge Dagens Næringsliv seier “we are the best, fuck the rest”. Ho er i det minste seg sjølv lik, bergensarar er berre sånn, og sannsynlegvis viser dette utsagnet at ho har fått med seg det viktigaste poenget i norsk utanrikspolitikk for tida.
At Noreg har sendt tungtvatn både hit og dit for å hjelpe andre land til å lage atomvåpen, er ikkje lenger så veldig hemmeleg. Både Israel og Frankrike skal ha nytt godt av denne norske ressursen, som alt under siste verdskrig var ein viktig nøkkel til utvikling av atomvåpen. Tungtvatn kan vi altså sende til Frankrike, men ikkje juletre.
Formannskapsvedtaket i Sandnes denne veka om ikkje å sende dei tradisjonelle juletrea til Montmartre i Paris, er eit godt døme på norsk nisseluvepolitikk, men så var det også senterpartipolitikaren Dan Skjørestad som sette fram det glupe framlegget. Eg vonar at han og dei andre som utgjorde fleirtalet i Sandnes får ein retteleg kjekk julekveld. Då kan dei gå rundt eige juletre, synge muesevisa og retteleg godte seg over tanken på dei stakkars foreldrelause små på barneheimen i Monmartre som for første gong på mange år ikkje har noko juletre å kose seg med. Jula er først og fremst høgtida til barna. Klart dei må straffast for at president Jacques Chirac fyrer av den eine atomladningen etter den andre på andre sida av jorda. Det verkar heilt logisk - sett frå Sandnes.
Fint at Skjørestad skaffar seg godt samvit til advent, men utanom dei foreldrelause i Paris er det berre heimbyen hans som lir av det geniale vedtaket. Det rammar dei svakaste blant dei svake i Paris. Der er det ikkje lett å vere liten frå før. Eit rikt kulturelt samarbeid mellom Frankrike og Rogaland kan ha fått varig skade, og kven har mest å tape på det? Sandnes eller Paris?
Eg skulle gjerne ha sendt ein kaktus til Skjørestad, men fordi det nærmar seg jul, er eg blitt så snill at eg vurderer å sende han ei flaske av den ferske Beaujolais-vinen som blir sendt ut på marknaden i neste veke. Vinhausten i Frankrike har vore skikkleg god i år, har eg høyrt. Så gled deg Skjørestad, til årets Beaujolais. Finn fram H.C. Andersens “Piken med svovelstikkene” og kom i julestemning fortast råd. Drikk, les og kos deg over din største politiske triumf av året.
Den er på høgd med det beste i utlandet, ja faktisk er det kinesisk dimensjon over dette smarte, strategiske trekket. Rett nok var det fienden, ifølge Sunzi, som skulle lokkast opp på taket før stigen blei fjerna, og ikkje ein sjølv, men det er berre ei pekingand i slaktetida i desse sursøte førjulstider.
|