14 januar 1994
Kvil i Fred
Det er vondt å miste nokon som står deg nær. Kjenne saknet, denne numme, tomme kjensla i kroppen, denne rare oppfatninga av det uverkelege. Du står på sida av deg sjølv, og det einaste du kjenner er er eit stort og sårt sakn. Slik har eg det i dag. At Johan Jørgen er død, er ufatteleg trist - frykteleg trist.
For når eg skal skrive minneord om Johan Jørgen Holst, må det bli svært personleg. Eg kjende han i femten år og arbeidde tett saman med han i to. Han var faktisk aldri Johan Jørgen Holst for meg. Han var anten Holst eller Johan Jørgen. Vi opplevde gode og vonde dagar saman i departementet frå 1986 til 1988. Det var før Holst var blitt kjend som fredsskapar i Midt-Austen og ein av dei få internasjonale politikarar som Noreg har fostra.
I 1986 var han ein fersk forsvarsminister, ein handlekraftig statsråd som visste kva han ville. Han børsta støv av eit departement som hadde sovna sidan han sist var der - som statssekretær under Rolf Hansen på slutten av syttitalet. Då han kom, hadde generalane og Forsvarets Overkommando styrt i mange år. Det blei det brått slutt på. Johan Jørgen ville setje skapet på plass.
Det var mange tøffe tak med Forsvarets Overkommando og faktisk held striden med Forsvarssjefen på å koste Johan Jørgen jobben. Vi sleit tungt ei stund. Johan Jørgen hadde kanskje lett for å gløyme at Arbeidarpartiet ikkje hadde flertal i Stortinget. I alle høve ville mange meine det. Det storma rundt Holst rett som det var. Mange i Stortinget likte verken fotnotene hans eller mange andre utspel. Dessutan var han så flink og skulert at det irriterte.
Det som eg sette mest pris på med Holst, var hans evne til å tenke prinsipielt. Når Johan Jørgen ville ha orden på forholdet mellom overkommando og departement, skjedde det ut frå ei konstitusjonell og prinsipiell vurdering. Eg trur han var skuffa over at mange i Stortinget ikkje innsåg at han eigentleg prøvde å ivareta dei grunnleggande interessene til Stortinget. For korleis skulle ein statsråd vere ansvarleg overfor Stortinget i meir enn navnet, viss han eller ho ikkje hadde full kontroll over eigne rekker? Holst ville ha rette linjer. Det er ikkje lett i eit land der prinsipp må vike for andre omsyn ved første og beste krossveg.
Typisk nok blei ikkje Johan Jørgen godteken som ein stor politikar her heime før han vart det i utlandet. Det var som hemmeleg meklar i Midt-Austen at han nådde sitt høgdepunkt som politikar. Hadde han fått leve, ville han kunne ha utført fleire store bragder i internasjonal politikk. Som norsk utanriksminister. Eller som generalsekretær i NATO, ei aktuell stilling som han kunne ha vore rett mann for i ei usikker brytningstid i Europa.
Holst var utdanna i Canada og USA. Han var prega av det. Han tenkte stort og unorsk. For han var det naturleg å krysse Atlanteren fleire gonger på ei veke, om så var. Kvar gong han gjorde det, var jentene på forværelset glade. Då fekk dei i alle fall fred i åtte-ni timar, eller så lenge flyturen varte, for elles dreiv han dei hardt same kor han oppheldt seg. Telefon, telefaks og teleks. Han brukte det meste. Ja, sekretærane spøkte med at han ville ha nådd dei frå svartaste Afrika om han så skulle ha brukt bongo-trommer. Ambassade-tilsette rundt om fekk verkeleg stå på så lenge Johan Jørgen var i landet. Han stilte store krav til seg sjølv. Han stilte store krav til andre.
Det gjekk i turbofart dagen og kvelden lang. At han ikkje kunne klare seg med berre ein sjåfør, slik andre statsrådar hadde klart, var forteljande for dei lange dagane som Johan Jørgen arbeidde. Same kor stor inn-korga var; tom var ho etter at Holst hadde fått nokre timar på kontoret. Der fekk du knappe og greie beskjedar. Dei var ikkje alltid like lette å etterkome. Eg gløymer aldri sakshandsamaren som hadde laga regjeringsnotat til Presthus, og som opplevde at Holst brått sat i stolen våren 1986, før notatet hadde kome opp. “Nytt R-notat. Motsatt konklusjon”. Det var Johan Jørgens knappe og einaste beskjed til den fortvila sakshandsamaren, skribla i full fart oppe i høgre hjørnet på åndsverket.
Når han no er borte, strøymer også andre minne lett på. Mykje arbeid, ja vel, men mange hyggelege stunder var det. Frå vinterøvingar i Nord-Noreg til varme og svale kveldar i Sinai, Libanon, Israel eller Syria. Frå synfaringar i Bergen, Eid, Jølster eller Kautokeino til møte i New York, Ottawa eller Los Angeles. Var du saman med Johan Jørgen, var du samstundes med i eit reisande politisk landhandleri med eit utruleg breitt utval. Vi var berre tre personar i den politiske leiinga i Forsvarsdepartementet; Johan Jørgen, Arne Karstad (seinere etterretningssjef i Norge, forf.merknad 2005) og eg.
Som junior i selskapet var det ei utruleg lærerik tid. Eg gjekk på ein måte Forsvarets Høgskole i to år med Johan Jørgen som privatlærar. I dag er eg djupt takksam over at eg fekk høve til å arbeide saman med han. Eg vil hugse han som ein romsleg sjef, ein god kamerat og eit utruleg intelligent menneske.
Som pressemann er eg skamfull over den manglande forståing som vi kan vise politikarar av Holsts kaliber, politikarar som gir alt, og som står på for å gjere ein best mogeleg jobb på vegne av nasjonen. At dei reiser på første klasse og kostar landet nokre hundre tusen kroner meir enn vanlege byråkratar, bør ikkje vere klanderverdig, slik Dagbladet framstilte det i Holsts tilfelle før jul. Slik kritikk var Johan Jørgen var for, og den av og til nådelause handsaminga som han kunne oppleve i ei ofte trangsynt norsk presse, gjekk nok meir innpå han enn han ville vere ved offentleg.
Det er ikkje noko som folk er så glade i - og så uforsiktige med - som livet. Det var også tilfelle for Holst. Han var glad i livet. Likevel var han så lite varsam med det. Om han døydde på grunn av arbeidstempoet, får vi nok aldri svar på. Holst var ikkje noko overmenneske, slik han ofte vart framstilt som av medarbeidarane. Som alle var imponerte over kva mannen kunne makte å kome over. Han var eit menneske. Eit godt menneske. Eg vil alltid hugse åra saman med han i takksemd. Eg vil alltid hugse det glade, sjenerte gutesmilet og den utstrekte handa kvar gong vi seinare møttest. Tankane går til Marianne og Edvard som sit igjen med det største saknet etter ein travel ektemann og far, som alltid prøvde å finne tid til familien trass i uvanleg stort arbeidspress.
Johan Jørgen var overtydd om at fred var noko ein ikkje kunne oppnå på kostnad av kvarandre. Den måtte skapast i fellesskap. La det vere ein viktig arv å bringe vidare for alle som skal følgje i hans fotspor. Sjølv opplevde han å bli nominert til Nobels Fredspris som påskjøning for sin innsats for ei tryggere verd.
Kvil i fred, Johan Jørgen, det var freden du arbeidde for. Den har du no sjølv funne.
|