Januar 1996
Eit mindre forferdeleg land
Med den glimrande Monetfilmen frå Stavanger og Fasett Film & TV Produksjon i friskt minne, kan det vere greit å ta utgangspunkt i denne franske stormålaren sine inntrykk av Noreg frå den snørike vinteren 1895. - Noreg er eit mindre forferdeleg land enn eg hadde forestilt meg, sa Claude Monet, etter å ha stampa med frosne fingrar og stiv pensel i metertjukk snø ved foten av Kolsåstoppen.
Hundreogeitt år etterpå er Noreg eit mindre forferdeleg land for stadig fleire. Vi framstår i 1996 som Paradis på jord. Alt går vår veg på ein måte, materielt sett. Utlendingane frys og må kjøpe stadig dyrare norsk olje for å halde varmen. Det betyr pengar i statskasse og oljefond. Noreg er på mange måtar den bakvendte visa i forhold til andre land. Rett nok er enno ikkje laksen i tretoppen og ekornet på havsens botn, men det er ikkje så langt i frå: Då nyåret tok til, heldt Statsministeren Kongens tale, og Kongen heldt Statsministerens tale. Eller kanskje heldt dei same sort tale? I alle fall var Kongens tale meir handfast og Gros tale mindre handfast enn før.
Talen til statsministeren var blotta for konkrete politiske utspel. Likevel var den meir politisk enn du kunne få inntrykk av ved første augekast. At ho så kraftig understreka foreldra sitt ansvar for å kome til livs mobbing, trakassering og hærverk, var eit interessant teikn i tida. Oppsummert inneber dette at det offentlege skal ha mindre ansvar og du og eg meir for å kome rotløyse og kriminalitet til livs. Private løysingar blir framheva. Kollektive løysingar i offentleg regi ikkje nemnt.
Gamle verdiar skal igjen pussast støv av, og slik sett ga talen ein politisk og ideologisk bodskap. Talen var eit ekko av Ronald Reagans nymoralisme på åttitalet, og John Majors “Back to basics”-appell i Storbritannia for nokre år sidan.
No var ikkje Majors utspel om trufaste familienormer særleg truverdig. For etter den store moralske appellen blei det avdekka at mange av statsrådane hans slett ikkje var særleg trufaste. I alle høve ikkje mot ektefeller og kristne og konservative famileverdiar som dei talte så varmt for. Brotne kar finst i alle familiar. Ronald Reagan hadde så avgjort eit problem med sin nymoralisme, han også, etter at dottera framstod i “Playboy” som avkledd og utbretta midtsidejente. Slik sett er Gro betre stilt som berre har Rita Westvik å stri med. Hanskane til Westvik kan likevel vanskeleg takast som teikn på nymoralisme i det norske sosialdemokratiet. Til det blir det for spesielt.
Thorbjørn Jagland slår fast i boka med brev til kreti og pleti, at “vår tid er uten dybde, begynnelse og slutt”. Det var sannsynlegvis ikkje talen til statsministeren han tenkte på, sjølv om også dette utsagnet har eit nostalgisk, for ikkje å seie konservativt preg. Derimot klagar han over at politikarane ikkje får sleppe til i fjernsyn med gjennomtenkte resonnement. At dei blir avbrotne heile tida av programleiarar som berre vil lage sirkus. Eg har faktisk stor sans for denne innvendinga mot utviklinga i media. Likevel stussar eg over at statsministeren heldt ei kongetale når ho først får sjansen til å snakke utan å bli avbroten i ti minutt, heilt ålene, midt i beste sendetida.
Å einsidig legge ansvaret for gode oppvekstvilkår på deg og meg, kan lett tolkast som ansvarsfråskriving. Kva om statsministeren hadde varsla at ho ville ta ansvar for ungane i skulen? At lærarar skulle passe på så ungane ikkje blei mobba, slått og forstyrra i og utanfor klasserommet. (Det er der stort sett overgrepa skjer!) At politiet skulle kome seg ut av bilane og ut på gata. At dei skulle etterforske all kvardagskriminalitet og ikkje legge bort dei fleste sakene. Det hadde vore utspel som det hadde stått respekt av. At ein mann spring rundt ved Stokkavatnet og slår ned folk med nyttårsforsett om å jogge, og slikt skal ha skjedd før utan at nokon stansar vedkommande, er ikkje eit privat ansvar for nærmiljøet. Det er offentleg.
Kva om statsministeren hadde lovd at ingen tunge psykiatriske pasientar skulle gå fritt rundt utanfor institusjonane? Det også ville ha vore utspel som hadde avtvinga respekt. I tillegg hadde det spart fleire menneskeliv i år. Eg kunne ha nemnt mange liknande døme. Poenget er at vårt felles, kollektive ansvar er det statsministeren som forvaltar som den øvste politiske leiaren her til lands. Då bør ho også snakke om dette ansvaret. Ikkje berre om mitt og ditt, sjølv om det også kan vere på sin plass.
Noreg har høge skattar for at det offentlege skal ha eit stort ansvar for fellesskapet. Det har vore kjernen i sosialdemokratiet. Du kan ikkje kreve inn desse skattane, og deretter skyve ansvaret tilbake til skattebetalarane når pengene ikkje blir effektivt utnytta. At skulen er dårleg kan vere ei like god forklaring på det moralske forfallet som at foreldra er dårlege. Kanskje skuldast det begge delar?
Når politikk er redusert til administrasjon av ei oljekran på Forus og ein moralsk peikefinger, har eg vondt for å følgje retninga som sosialdemokratiet tek i Noreg. Eg har likevel ingen vanskar med å sjå at du sit trygt på taburetten ved å føre ein slik politikk. . Denne veka har ei ny meiningsmåling vist at nesten ingen vil ha andre enn Gro som statsminister. Ho er meir populær enn nokon gong, og framstår som ein trygg og god administrator av oljekranen. Slik vil vi ha det. For reformer i motsetnad til administrasjon er trugande, og reformatoren blir aldri populær. Den klassiske læremeister i makt frå mellomalderen, Machiavelli, påpeikte at det både er farleg og usikkert å endre på saker og ting, for den som gjer det har som fiendar alle dei som er tente med det gamle systemet. Og “reformatoren har berre lunkne forsvarar, for mennesket trur ikkje på noko nytt før at det ser at det nye gir det solid utbytte”.
I denne enkle og geniale observasjonen frå Machiavelli, som attpåtil skreiv lærebok for ein prins, ligg forklaringa på kvifor politikk først og fremst er blitt administrasjon og ikkje reformer. Det forklarer også kvitor Gro er blitt meir populær enn nokon annan levande statsminister. Ho administrerer eit land som trass sine manglar og ulemper er mindre forferdeleg enn nokon kunne ha forestilt seg. Hovudsakleg fordi utlendingane frys og treng stadig meir olje. Claude Monet ville sikkert ha likt seg her i 1996 også. Men eg er ikkje sikker på at han ville ha løfta penselen.
|