Januar 1996
Eit fransk liv
PARIS: Vil du vite kva som rører seg i Europa, er Paris enno staden. Nye straumar i politikk og samfunnsliv har lett for å dukke opp her først. Denne veka har vore trist og trasig for dei fleste franskmenn. Ikkje berre viser ei ny meiningsmåling at dei ser mørkare på framtida enn før. President Francois Mitterrands død har markert at ein epoke er slutt. Saman med Charles de Gaulle skapte han etter krigen det moderne Frankrike på godt og vondt. Vil nordmenn vere føre var, og setje seg inn i svake sider ved velferdsstaten, bør ein studietur til Frankrike vere på sin plass. Her er mykje å lære.
Eg kan ta eit ferskt døme frå min eigen bransje - media. Mitterrand døydde i halvni-tida om morgonen måndag. Samstundes kom avisa "InfoMatin" ut med overskrifta "Au revoir" - farvel - på førstesida. Du skulle tru at redaksjonen var synsk, men nei. Så gode var ikkje journalistane. Det var til seg sjølv "InfoMatin" sa adjø. Avisa kom nemleg ut med sitt siste nummer denne veka etter å ha eksistert i nærmare to år.
Grunnen til avisdøden var at journalistane nekta å gå med på direktøren sitt spareframlegg om å skjere ned ferien til fem veker i året! For dei hadde nemleg åtte veker ferie, noko som slett ikkje er uvanleg i fransk presse. Direktøren i "InfoMatin" var ingen ringare enn advokaten Andre Rousselet, ein kjend mediemann og ein av dei beste kameratane til Francois Mitterrand. Han skreiv faktisk testamentet til den tidlegare presidenten før han la ned avisa, som han var komen inn for å berge.
Rousselet meinte at "InfoMatin" måtte minske underskotet frå 55 millionar franc til 35 millionar. Han ba difor redaksjonsklubben om å brette opp armane og ta mindre ferie for å berge den nokså nylanserte avisa med i utgangspunktet bra framtidsutsikter. Redakasjonsklubben sa tvert nei. Dermed mista både eigarar og direktør trua på det nye prosjektet. Det var slutt på å kaste gode pengar etter dårlege, og "InfoMatin" sa adjø til både seg sjølv og ekspresidenten på same dag.
At arbeidsløysa er nærmare tolv prosent, såg ikkje ut til å gjere inntrykk på journalistane. No står dei måpande att på gata med 52 veker ferie og skuldar Andre Rousselet for å prøve å kvitte seg med staben og ta til på nytt med ny redaksjon. Rousselet sjølv er ikkje blitt meir populær av å samanlikne redaksjonsklubben med sekta "Soltempelet", som nyleg gjorde kollektivt sjølvmord i Alpane.
Lagnaden til "InfoMatin" fortel kor langt mange kan gå for å forsvare opparbeidde gode. Rousselets samanlikning med "Soltempelet" kan snart brukast på heile Frankrike. Velferdsstaten har ikkje lenger kapasitet nok, men ingen vil gi frå seg noko. Noko solid byggverk var det ikkje Mitterrand etterlet seg. Einaste trøysta må vere at vanskane med velferdsstaten er noko alle vesteuropearar heilt sikkert har til felles. "Sosialisme," sa Mitterrand, "er ganske enkelt kampen for eksistensen og rettane til dei som samfunnet knuser og eliminerer".
Om denne definisjonen enno held mål, står det dårleg til med sosialismen i Europa for tida. Dei sterke held på sitt. Solidariteten med dei aller svakaste strekk seg ikkje særleg langt. Velferdsstaten klarer ikkje lenger å halde oppe alle godene, men ingen har enno kome opp med noko godt alternativ. Dei som blir skyvde ut og knuste må stadig oftare finne seg i å bli utsette for rå kapitalisme og ein plass under bruene. Ingen talar lenger deira sak. Dermed utgjer dei helleringen politisk maktfaktor.
Dei offentleg tilsette, og alle som får tilskot frå staten, utgjer derimot ein formidabel politisk styrke. Det har dei siste streikane vist til fulle her i Frankrike. President Jacques Chirac og statsminister Alain Juppe fekk ikkje julefred før dei hadde gått med på å la lokomotivførarane halde oppe ein pensjonsalder som i enkelte tilfelle er nede i femti år. Og kven skal betale det enorme underskotet i pensjonskassa? Alle andre med langt høgare pensjonsalder, naturlegvis. På ein eller annan måte. Om det er mogeleg i lengda. Det er det neppe. I Frankrike er det stille før ny storm.
For det franske folketrygdsystemet "La Secu" blør og blør. Utbetalingane er på svimlande 1450 millionar franc i året. Det er meir enn heile det franske statsbudsjettet, og underskotet auka med nærmare 60 milliardar berre i fjor. Først og fremst er det pensjonsutbetalingane og utgiftene til helsevesenet som eksploderer. I 1960 var det fem yrkesaktive til å sørge for kvar pensjonist. No er det under to. Det blir stadig fleire eldre, og dei lever lenger og lenger. Høg alder og ei rivande medisinsk utvikling har fått helseutgiftene til å gå heilt av hengslene.
Problemet er velkjent, og mange regjeringar rundt om følgjer nok spent med på kva som skjer i Frankrike i tida framover. For her er gode råd dyre. Noko drastisk må gjerast, men utsiktene for at statsminister Juppe skal få til noko, er ikkje akkurat lyse. Han hivde alle jentene ut av regjeringa og kom med relativt moderate innsparingsframlegg. Sjølv det utløyste ein proteststorm og ei folkerørsle utan like. Fagrørsle og politiske parti står relativt svakt i Frankrike. I medlemstal, vel og merke.
Livsstilen og hangen til personleg fridom gjer det ikkje alltid like lett å innordne seg organisasjonar. Difor tyr folk til gata langt lettare enn andre stader når dei vil seie kva dei meiner. Alle innser at det går rett vest om det ikkje blir strama til, men den arrogante måten det er gjort på, har opprørt folk. Fagrørsla fekk dermed brei støtte, sjølv om ho eigentleg ber for si sjuke mor. Fagforeiningane styrer nemleg "la Secu" og kan prioritere eigne pensjonskasser på kostnad av andre utan innsyn.
Den eigentle grunnen til storstreiken før jul var at regjeringa ville ha 1450 milliardar franc under folkevalt kontroll, men den gong ei. Her er topp-politikarane verkeleg upopulære. I alle fall i levande live. Så sjølv med få organiserte, klarte fagforeiningane å mobilisere folket, slik at dei klarte å halde oppe kontrollen med pengestraumen i trygdesystemet. Det er faktisk nærliggande å stille kreftdiagnose på "La Secu" også.
Folket skuldar på politikarane. Som igjen skyv ansvaret oppover, til EU og dei harde krava som tyskarane stiller til den økonomiske politikken for at det skal bli noko av den felles europeiske mynten. At Frankrike må strame inn, uansett Maastricht-traktat eller ikkje, har lite å seie i ein slik samanheng. Pengeunionen til EU er i franskmenn sine auge det same som arbeidsløyse og utrygge sosiale vilkår.
Kven trur at det på denne bakgrunn er mogeleg å skape folkeleg engasjement for ein slik union her til lands? Framtida til EU, meiner mange, blir avgjort nettopp i gatene i Paris. Å realisere den felles mynten utan folkeleg forankring, er uråd. Sjølv om Helmut Kohl aldri så mykje seier at dette er eit spørsmål om krig og fred i Europa.
Tok Mitterrand med seg både den europeiske draumen og velferdstaten til kyrkjegarden i Jarnac torsdag? Dei komande åra vil gi svar på det. Mitterrand var sjølv eit døme på kor viktig det er å omstille seg, viss du skal følgje med i utviklinga. Han tok til som høgreekstremist på tretti-talet, sat i tysk fangeleir i dei første krigsåra, men fekk så høgaste orden for sitt arbeid i det tyskarvenlege Vichy-regimet. Først då det var klart at tyskarane kom til å tape, i 1943, skifte han side for godt og kasta seg inn i den franske motstandsrørsla. Seinare blei han sosialist, men meir truande enn praktiserande.
Han meinte at politikk er å skape illusjonar. Det var han sjølv ein meister i. Mitterrand klarte å bli ein stor president i Frankrike, fordi han sjølv var eit spegelbilde av dei svære omveltingane i dette århundret. "Ein skiftar skinn, akkurat som ormen," skreiv Mitterrand i ei av bøkene sine. Denne veka var det ikkje lenger mogeleg å gjere det. Eit fransk liv var over. Sist laurdag sa Mitterrrand til ein ven: "Det som irriterer meg, er å ikkje vite kva som no skjer vidare..."
Han burde kanskje ikkje ha irritert seg for mykje.
|
|
|
 |
|
|
|
"Det som irriterer meg, er å ikkje vite kva som no skjer vidare"
|
|
|
|