Artikkel i A-pressens årsberetning 1994
Det store hamskifte i A-pressen
Eg er enno ein ung redaktør. Likevel ikkje yngre enn at eg har opplevd å bli godkjent som redaktør av sentralstyret i Det Norske Arbeiderparti. Det skjedde då eg på midten av åttitalet gjekk frå NRK til Firdaposten i Florø for å bli redaktør.
Firdaposten var organ for Det Norske Arbeiderparti. Det stod klart og tydeleg under logoen på leiarplass. Eg fekk også plass i styret for Sogn og Fjordane Arbeidarparti. For ein som var lært opp i Dagsnytts upartiske tradisjon, var dette ei ny og underleg røynsle, men det var ei lærerik tid som eg ikkje ville ha vore utan. Livsgrunnlaget var lokaljournalistikken, for elles ville ein ha svolte ihel, men politikk var like viktig.
Eigarane var dei fremste kundane. Dei skulle tilfredsstillast, sjølv om dei ikkje alltid var abonnentar ein gong. Dei ville også ha utbytte. Litt av same opplegget som på samvirkelaget. Der var dei vane med å veksle gule kassalappar, samla dag for dag på norgesglas i kjøkkenhylla, om til knitrande setlar etter kvart årsskifte. Då var mor i huset nøgd.
Var far i arbeidarrørsla, var han gjerne meir oppteken av årsbonus i form av utbytte i partiavisa. God dekning av årsmøte i partilag og fagrørsle var det minste som blei kravd. Redaktøren fekk klar melding om det politiske utbyttet var godt nok på den årlege generalforsamlinga, eller årsmøtet i partslaget, som det gjerne heitte. Om avisa gjekk med overskot eller underskot, var det få eller ingen som brydde seg om. Ingen drøymde likevel om å hente ut årsbonus som utbytte i krone og øre. Avisene var ikkje til for det.
At avisene tente nok til å dekke utgiftene, var sjølvsagt flott. Elles måtte nokon reise til Youngstorget og tigge til seg ein sjekk. Overskot var likevel ikkje noko suksesskriterium. Heller tvert imot. Snarare var det eit bevis for at redaktøren hadde ein tosk til disponent som stelte seg slik at avisa måtte betale skatt. Vekst i opplaget var viktigare. Ikkje først og fremst fordi det ga betre grunnlag å selje annonser på, men fordi høgt opplag var med å gi Arbeidarpartiet mange røyster ved kommune- og stortingsval. Eit godt valresultat var eit viktig suksesskriterium for arbeidarpartiavisene.
Faktisk ganske logisk. For det var som partiorgan du blei målt. Problemet var at behovet for partiorgan blei borte, og at parti og fagrørsle ikkje oppdaga det like tidleg som aksjonærar i borgarlege aviser. Dei målte suksess meir på kremmarvis. Den spesielle utbyttepolitikken skapte ein underbalanse som ingen revisor var i stand til å sjå. Når eigarar krev politisk støtte og lojalitet, tærer det på den viktigaste ressursen som ei avis har, nemleg eigenkapitalen av truverd og tillit. Slike ressursar går diverre ikkje direkte fram av balansen i nokon rekneskap. Det tek også lang tid å bygge opp.
Eg snakkar ikkje om fjern fortid. Eg snakkar om sytti- og åttitalet, så endringane er skjedd fort. I dag blir ingen redaktør godkjend av sentralstyret i Arbeidarpartiet lenger. Du treng ikkje ein gong vere partimedlem for å styre det tidlegare flaggskipet Arbeiderbladet, og alle har vi fjerna setninga som fortalde om partiorgan. For ikkje å snakke om partirosene som stakk fram overalt.
Konsernet er blitt ein realitet, og kursen er staka ut frå Folkets Hus til Børsen. Det er skjedd ei svær omvelting - større enn nokon har innsett fullt ut. Dei økonomiske nedgangstidene på byrjinga av nitti-talet lærte oss at det ikkje finst noko som heiter sosialdemokratiske konkursar. Mange aviser er redda av den grunn, og vi kan vere stolte av den jobben som er gjort rundt om. Kostnadskutt har gitt oss tid til omstilling, men for dei mest utsette av oss er største skilnaden at vi no sel marknadsdelar med forteneste mot tidlegare å gjere det med tap. Det er eit stykke att til tørt land.
Dei store utfordringane ventar framover. Journalistikk er ikkje å kjøpe førti sider med kvitt papir frå Norske Skog, setje på ein stift eller to og selje det for åtte kroner til herr og fru Hansen. Enkelte økonomar ser ut til å tru det. Når du held på å drukne, er det viktigast å skaffe seg luft, det er så, men det inneber ikkje at du lever for å puste når du er komen på trygt land. Det ville bli eit fattig liv.
Aviser må ha eit fagleg og intellektuelt grunnlag. Ein visjon. Dei må ha ei sjel, ei oppgåve, ei meining med å vere til. Dei må ha ei rolle i samfunnet. Dei må ha verdi for folk flest i kvardagen. Før hadde vi ein klar misjon. "Pengar er storkna mannesveitte", sa Aasmund Olavsson Vinje, han oppdaga Marx før nokon annan nordmann. I A-pressen er mange av verdiane som vi i dag forvaltar, bygde opp på same måten.
Avisene er i mange tilfelle stivna mannesveitte i seg sjølve. Det var ikkje få rundt om i landet som måtte gjere som Rolf Orheim og Odd Brandsøy då Firdaposten blei skipa etter krigen. Titt og ofte måtte dei ta sykkelen og krevje inn bladpengar på reportasjeturane innover i fjordarmane, om dei ville ha løn. Første redaktøren, Guttorm Hansen, måtte ein gong ta dei siste 63 ørene i aviskassa og kjøpe seg eit langebrød, han var svolten og budde på kontoret. Avisene blei bygde opp med ein innsats som i dag ville ha ført til daglege politimeldingar frå Arbeidstilsynet. Motivasjonen var politisk; ein draum om store endringar i samfunnet og eit betre liv for seg og sine. Alle bør ha respekt for den innsatsen som ligg bak oppbygginga av A-pressen. Den same organiserte innsatsen skapte det moderne Noreg.
Fordelen med å vere partiorgan var at alle tilsette visste kvifor vi var til. Det var med å skape innsatsvilje og tæl, og ikkje minst: Desse avisene trekte til seg skarpe menneske med idealisme og vilje til reformer. Har vi klart å få til det same i dagens utgåve av A-pressen?
Ikkje enno. Eg kjenner ingen i Rogalands Avis som med entusiasme viser til den nye føremålsparagrafen og utbryt at dette, ja, dette vil eg vere med på å lage. Det sosialdemokratiske grunnsynet er ikkje akkurat presist. For kva skal vi? Jau, vi skal "drive saklig og uavhengig journalistikk, forankret i arbeiderbevegelsens ideer om frihet, demokrati og likeverd." Dette er eit føremål til festbruk og fri tolking som ingen kan vere usamd i. Skulle eit slikt mål bli lagt til grunn i det daglege arbeidet med å lage avisa, kunne ull i postkassane stort sett gjort same nytten for abonnentane.
Å vere litt gravid er vanskeleg. Enkelte ting er du fullt og heilt. Ein mellomting med litt utbytte i form av politisk støtte til nokre eigarar og pengar til andre, er ein farleg veg å slå inn på. Noko av det farlegaste for røyskatten er å ha skifta til kvit ham når snøen brått blir borte. Skulle han i tillegg gå rundt brun- og kvitflekkt i pelsen året rundt, ville han neppe leve lenge.
Eit hamskifte bør skje fort og til rett tid. A-pressen har ei stolt historie, men det som er historie bør av og til få lov til å vere historie. Det kan vere like viktig å lære seg av med noko gamalt som å lære seg noko nytt. Når over tjue prosent av innbyggarane i Stavanger oppfattar Rogalands Avis som organ for Det Norske Arbeiderparti, avslører det eit truverdsproblem. Lesarane stiller spørsmål ved integriteten. Altfor mange spør om reportasjane er politisk vridde. Dette faktum må vi ta alvorleg. For det er korleis publikum oppfattar ei avis, ikkje korleis avisa sjølv oppfattar seg, som til sjuande og sist avgjer om ho står for ein fri og uavhengig journalistikk. Det gamle strategiske særtrekket - vår tidlegare styrke og eksistensgrunnlag - er i dag vår største strategiske ulempe. Miljø og klima rundt oss har endra seg sterkt, og spørsmålet er om vi har klart å endre oss fort nok.
Det som er att av misjon bør bli avløyst av visjon, og i ei tid då norske journalistar spring beina av seg etter opplagstal og TV-sjåarar, er det mykje å hente ved fagleg dyktig handverk som set sannferdig og korrekt journalistikk i høgsetet: Pengar tener du som ein konsekvens av å gjere noko skikkeleg. Å gjere det omvendt, å gjere noko skikkeleg for å tene pengar, er vanskelegare. I alle høve når du skal motivere pressefolk.
Rogalands Avis trur på høgare kvalitet i journalistikken. At vi på den måten kan spele ei viktig rolle i ein viktig by i ein viktig del av landet. Heldigvis har vi som dei aller fleste tidlegare arbeidarpartiavisene, ei sterk lokal forankring å bygge vidare på. Dessutan er Rogalands Avis ei morgonavis. Begge delar er konkurransefordelar. Klarer vi i åra framover å formulere mål som engasjerer og motiverer, og som er meiningsfulle for såvel tilsette som lesarar, og skape eit levande produkt i samsvar med folk sine behov i framtida, skal vi ikkje berre klare å overleve i den tøffe konkurransen, men også hevde oss godt.
Det er ikkje kjekt å bli kalla "Lille Pravda" på folkemunne. Skal det ta slutt, må vi og resten av A-pressen lære at like lite som det finst sosialdemokratiske konkursar, like lite finst det sosialdemokratiske nyheter. Når ein hund bit ein mann, er det ingen nyhet. Det hender så ofte. Men straks mannen bit hunden, har du nyheten. Uavhengig om mannen er sosialdemokrat eller ei.
Viis ikkje då ein høgremann eig hunden.
Les neste
|
|