Juli 1995
Claude Monet i Stavanger
Han fangar deg med penselen, Claude Monet. Kanskje meir enn nokon annan målar du har opplevd. Du kjenner skjelvinga i handa hans ved å sjå på lerretet. Monet er i grenselandet mellom det verkelege og fantasien. Han var impresjonisten som formidla opplevingar og synsinntrykk frå naturen. Monet var målaren som leikte med lyset, dyrka fasettene og skildra skiftingene i lys og skugge gjennom ulike tider av døgn og årstid. Han prøvde å sprenge grenser som ingen andre.
- Eg prøver meg nok ein gong på det umogelege, nemlig vatn med buktande strå under overflata, skreiv han til ein kamerat ein gong. - Det er fantastisk å sjå på, men eg blir gal av å presentere det. Vel, det er slikt eg stadig prøver meg på!
Kvifor skrive om denne franske målaren som levde frå 1840 til 1926? Han er min favorittmålar. Det er ein grunn, om ikkje så god. Ein annan og kanskje mykje viktigare er at Rogaland Kunstmuseum i morgon opnar ei utstilling med bilde frå ei reise som Claude Monet gjorde i Noreg vinteren 1985 - for hundre år sidan. Monet kom til Noreg for å fange inn vinterlyset. Resultatet blei 28 norske vinterbilde.
Når dronning Sonja i morgon opnar Monet-utstillinga i Stavanger, er elleve av desse kunststykka på plass, frakta hit under strenge tryggingstiltak frå private og offentlege samlingar i mange land. Stavanger og Rogaland har god grunn til å vere stolte over å ha fått til denne utstillinga. Det er ei fjør i hatten for Rogaland Kunstmuseum, og utstillinga fortener å bli sett av mange i tida framover.
Samstudes som Rogaland Kunstmuseum inviterer publikum til å bli betre kjent med Monets geniale penselstrøk, opnar ei endå større utstilling av Monet i Art Institute i Chicago. Dette er den største utstillinga av Monets arbeid nokonsinne, og i samband med opninga teiknar magasinet "Vanity Fair" eit interessant portrett av denne franske kunstnaren som hadde naturen med stor N som sitt einaste atelier.
Monet blei 86 år. Karrieren hans varte i nærmare 70. På denne tida produserte han 500 teikningar og 2000 måleri. Ein kollega som Cezanne var storleg imponert over kort raskt han målte. Det same var Renoir. I ungdomstida bøygde medstudentane seg i støvet for Monets frapperande evne til å arbeide snøgt og nøyaktig. I seg sjølv fortel det mykje at Monet på to månader i Noreg målte 28 bilde, av dei tretten berre av Kolsås-toppen.
Kva driv ein kunstnar som Monet? Kjærleiken til naturen var i alle høve ei viktig drivkraft. Den var intens. Han kunne finne på å køyre 100 mil til Normandiekysten berre for å puste inn salt luft og oppleve det spesielle lyset som bryt fram mellom hav og himmel. Monet elska å ta inn over seg kystlandskapet og havet. Han sa endåtil at han ville bli gravlagd i ei sjøbøye! Så den ekte kjærleiken til naturen som du opplever når du ser meisterverka hans, den er ekte og djup. Monet var ein svært kjenslevar kunsnar, og alle som først er blitt glade i Monet, har tapt hjartet sitt for alltid.
For mange Monet-elskarar kan det vere eit sjokk å bli fortalt at denne kunstnaren var nesten like glad i pengar som i naturen. Monet hadde eit like godt blikk for det materielle som i det åndelege. Han hadde eit godt tak i penslane og eit like godt tak i lommeboka. Ingen andre kunstnarar på den tida var i stand til å ta seg så godt betalt som Monet.
Kunsthandlarane meinte han var urimeleg dyr. Tre år før han kom til Noreg, tente han 100.000 franc årleg i ei tid du kunne leve godt på 8000 franc. Inntekta hans berre vaks og vaks. I 1900 tente han 227.400 franc på å måle, og i tillegg ga gode investeringar han ei inntekt på 40.000 årleg.
Han koste seg med Perigord-trøflar, desse lukseriøse soppane med spesielle smakseigenskapar. Han gjekk i handsydde sko og dressar og bukser av høgaste kvalitet. Han koste seg med sine to bilar, budde på Savoy når han var i London, og skulle ha gåselever - foie gras - frå spesielle distrikt i heimlandet.
Enkelte vil kalle Monet ein snobb, men takka vere hangen til pengar lagde han på tampen av karrieren dei fremste meisterverka, nemleg serien om vassliljene. Det var resultatet av ein årelang fiks ide, eller tvangstanke, om du vil. Monet bygde sin eigen hage i Giverny, ein praktfull og vakker hage som slukte dei store inntektene hans.
Ikkje mindre enn 200.000 blomar fekk han plass til der. Han fekk også bygd dam med vassliljer. Denne dammen utvida han ikkje mindre enn tre gonger mellom 1893 og 1910. Alle blomane i og utanfor vatnet kravde seks heltidstilsette gartnarar. Ikkje rart at Monet var oppteken av å lage mange bilde og ta seg fyrsteleg betalt!
Dei siste 17 åra av livet målte han 200 bilde frå hagen i Giverny. Folk flest hugsar vassliljene hans. Utan dei ville neppe interessa ha vore så stor for dei norske inntrykka som han festa til lerretet, og som no blir å sjå i Rogaland Kunstmueseum. Dei elleve utstilte bilda av Monet skal vere verdt mellom ti og femten millionar kroner. Så i ettertid kunne nok forretningsmannen Monet ha teke seg meir betalt.
Han var etter mi meining vel unt å leve det gode liv, denne fascinerande målaren med sansen for godt lys og gode forretningar. Monet er eit godt døme på at kunst er menneske pluss natur, slik Vincent van Gogh ein gong svarte då han blei spurt kva kunst var, Så gå og sjå Monet!
Les neste artikkel
|
|