Desember 1995
Sviket mot oss sjølve
Kva har gjort mest inntrykk på deg i året som gjekk? Heilt sikkert ikkje den bosniske bestefaren som måtte ete levra til barnebarnet som serbarane nettopp hadde drepe. Heller ikkje dei seks tusen bortkomne menn frå den FN-erklærte sikre byen Srebrenica. Dei var ikkje så trygge likevel, men blei stilte opp i grupper og nakkeskotne sommaren 1995, medan vi andre snudde oss bort. Heller ikkje valdtektene, konsentrasjonsleirane og alle andre forferdelege overgrep i Bosnia er hendingar som har gjort mest inntrykk.
Gradvis har vi godteke at barbarismen er komen attende til Europa. Vi har levd med fjernsynsbilda frå Bosnia i fire år. Dei er blitt ein del av kvardagen. 1995 blei året då vi godtok at barbarisme og rasisme skulle vere grunnlaget for det nye Europa, slik det formar seg etter tomrommet som oppstod då Sovjetunionen braut saman. Ikkje berre godtok vi det i praksis. Dei nye prinsippa for den gryande europeiske orden etter den kalde krigen er langt på veg blitt traktatfesta gjennom Dayton-avtalen som president Bill Clinton fekk forhandla fram med dei stridande partane i det tidlegare Jugoslavia dette året.
Avtalen i Dayton er blitt kalla det viktigaste internasjonale dokumentet sidan den andre verdskrigen. Det er avtalen utan tvil, men på ein heilt annan måte enn president Bill Clinton og vår eigen Thorvald Stoltenberg ønskjer å framstille det. For skrella av all amerikansk innpakning, glasur, snørr og tårer, inneber fredsavtalen for Bosnia at det blir oppretta ein apartheid-stat i Europa etter mønster av eit Sør-Afrika som alle kjempa mot og boikotta med forakt i årtier. Kven skulle tru at noko slikt skulle skje medan Nelson Mandela enno levde? Midt i Europa?
Med Dayton-avtalen har vi akseptert prinsippet om at etniske statar kan opprettast med vald og overgrep. Bosnia får ei nasjonalforsamling med etnisk representasjon. Det politiske resultatet av systematiske brot på menenskerett og folkerett er godteke og lagt til grunn for ein stat som i utgangspunktet var fleirkulturell. Ein stat som på mange måtar er eit spegelbilde av det Europa han er ein del av. Difor er sviket mot Bosnia eit svik mot oss sjølve.
Bosnia-Hercegovina var for få år sidan ein fredeleg plett der ulike folkegrupper levde saman. Dei elska, gret, lo og leika på tvers av etniske skilleliner. Denne fleirkulturelle staten skal no gravleggast levande ved hjelp av 60. 000 NATO-soldatar som æresvakter. Dei skal passe på at alle held seg innanfor gjerda på gravplassen så lenge det heile står på. Men: Like lite som Bosnia kan eksistere utan å vere fleirkulturelt, like lite kan Europa eksistere. Både Bosnia og Europa må nødvendigvis vere fleirkulturelle for å vere til. 1995 var året då det første blei oppgitt. Forfattaren Susan Sonntag kallar Bosnia for Europas frivillige abort. Men kan Europa berge seg ved å abortere Bosnia?
Å dra grenser i Europa etter etniske deleliner, er oppskrift på evig krig, sa alltid Johan Jørgen Holst. Like fullt har det skjedd, fordi ingen ville ta oppgjeret med krigsforbrytarane på toppen i Serbia og Kroatia. Tvert imot er dei no gjort stovereine og avtalepartnarar for eit opplegg som får langt meir å seie for framtida vår enn luftslottet som vest-europearane sjølv bygde i Maastricht. Likevel held nok EU fram med å pynte på luftslottet sitt enno ei tid framover, medan amerikanarane igjen legg premissar for det verkelege Europa vi alle skal leve i.
Av omsyn til det komande presidentvalet var berre ei apartheid-løysing mogeleg i det ulukkelege Bosnia. For Clinton har valt ei kortsiktig løysing som tek sikte på å vise handlekraft, få bort dei verste bilda på CNN og legge tilhøva til rette for at Bosnia snøggast råd kan bli utsletta, gløymt og delt mellom Kroatia og Serbia. Berre på den måten kan Clinton bli attvald som president. Då får det heller våge seg at dei langsiktige verknadene av Dayton-avtalen kan innebere ei blodig framtid i Europa.
Kor mykje NATO får utretta i Bosnia, står elles att å sjå. Det er lite hjelp i tunge våpen og grøne hjelmar om du ikkje veit kva du skal eller vil. EU har vore handlingslamma i Bosnia fordi dei europeiske stormaktene møtte si fortid med anti- og sympatiar på Balkan. Dermed endte dei opp med å dele ut mat til dei stridande, forsvare seg sjølve og prise seg lukkelege over at dei ikkje hadde teke til å slåss innbyrdes. Sterkare var nemleg ikkje den europeiske unionen då han møtte bakken. At NATO skal bli meir handlekraftig enn FN med ein styrke der også Russland er med, er meir enn tvilsamt.
Dei indre spenningane er store i koalisjonsstyrken som no rullar inn i Bosnia. Styrken kan neppe gjere stort utan at det får politiske konsekvensar for tilhøvet mellom dei landa som er med. Å leve på sjølvbedrag er også eit liv, og NATO, FN, USA og EU er blitt retteleg flinke til det, etter at det faste haldepunktet i tilveret, Sovjetunionen blei borte og etterlet seg eit stort hol som alle er redde for å falle ned i.
Pave Johannes Paul ønskte i jula fred på jord - til alle menneske av god vilje. Det siste er ei viktig presisering som totalt manglar i stormaktspolitikken. Når no nyåret blir innleia med massiv innmarsj av NATO-soldatar i Bosnia, skjer det for å ivareta ein “fred” som stort sett er komen i stand ved hjelp av menneske av vond vilje. Det gir ingen god fred.
Bosnia er Europas frivillige abort, ja vel, men sjølv om det var Europa som i si tid ga liv til Amerika, skal ingen sjå bort frå at Europa fort kan dele lagnad med Bosnia og bli Amerikas frivillige abort. Viss då ikkje det samla Tyskland i siste liten tek på seg byrden med å bere barnet fram. Det er neppe det nye tyske riket klar til. Ikkje enno.
Nokre svar gir kanskje 1996 på alle spørsmål som kan stillast på tampen av det gamle året. Å feire nyttår med champagne og dans i toppetasjen på det europeiske hus, slik vi nordmenn gjer, er uansett eit privilegert liv. Særleg om du trur at brann i første etasje aldri spreier seg oppover. La oss krysse fingrane og håpe på det beste. Enn så lenge er det fred og julesnø. Også i Sarajevo. Godt nyttår!
Les neste
|
|