|
Motstanden mot NATO-medlemskap var likevel ganske sterk i arbeidarrørsla fram mot landsmøtet i februar 1949. At motstanden nærmast braut saman på landsmøtet, har nørt førestillinga om eit landsmøtekupp. Ei anna forklaring er at alternativet – ei nordisk løysing – i røynda fall bort like før møtet: Motstandarane stod utan eit klårt politisk opplegg. Dei hadde satsa på at tingingane med Sverige og Danmark skulle føra fram til eit resultat. Dette grundige arbeidet hadde brote saman. Dermed stod motstanden svært veikt.
Men var saka så lite førebudd i partiet at det gjev dekning for å tala om eit ”kupp” på landsmøtet? Det er på det reine at framlegget om medlemskap i NATO ikkje var sendt ut i partiet på førehand, slik vanleg var med store saker. Men tryggingspolitikken stod i høgaste grad til offentleg debatt. Den utsendinga som ikkje rekna med at spørsmålet ville koma opp, måtte ha eit underleg syn på arbeidsmåten i partiet.
Eit anna omdiskutert punkt er om leiinga i Arbeidarpartiet prøvde å føra landsmøtet bak lyset om kva det svenske synet på våpenforsyningar frå USA gjekk ut på. Det ser ut til at dei fleste utsendingane sat med det inntrykket at Sverige kravde at Noreg skulle sikra seg lovnad om våpen frå USA, og at det var eit svensk vilkår for å gå med på eit nordisk forsvarsforbund. Statsminister Erlander, som var gjest på landsmøtet, gjorde det heilt klart på slutten av ordskiftet at dette ikkje var eit svensk krav, men tvert imot eit norsk. Men det kom fram så seint at det ikkje var tid til meir debatt. Prøvde partileiinga å halde landsmøtet i villreie om sjølve hovudknuten i dei skandinaviske tingingane, eller var det tale om reelle misforståingar? Same kva ein måtte meina om dette, kan det ikkje ha vore avgjerande for utfallet. Det var langt meir grunnleggande forhold som drog Noreg mot alliansen.
Er det så dekning for å hevda at Noreg vart pressa inn i NATO av stormakter i vest? USA tvika ganske lenge med korleis dei skulle møta britiske og vesteuropeiske ynske om ein atlantisk allianse. Men vinteren 1948-49 endra USA politikk og gjekk inn for ein militærallianse med Vestunionen. Frå då av er det ganske klart at USA ynskte Noreg som alliert og var kritisk til eit nordisk forbund – nøytralt eller vestalliert. Det amerikanske standpunktet var at skulle Noreg få våpen frå USA, måtte Noreg vere alliert med USA. Den norske regjeringa meinte at eit effektivt forsvar var avhengig av slike våpenforsyningar. Frå norsk – og nordisk – side kjendest den amerikanske haldninga som eit press, og det vog tungt. Men ein kan vanskeleg hevda at USA hadde nokon moralsk skyldnad til å forsyna andre land med våpen utan omsyn til eigne strategiske preferansar for at dei ikkje skulle kjenna seg pressa.
Somme har sett eit press i at USA var etter måten raus mot Noreg med marshallhjelp, medan Sverige fekk mindre enn dei ynskte. Det kan forklarast med at Sverige hadde ein sterkare økonomi og trong mindre hjelp, medan Noreg var krigsskadd.
Noko direkte politisk eller økonomisk press ut over våpenspørsmålet og sjølve ynsket om ein allianse let seg ikkje dokumentera på grunnlag av kjent kjeldemateriale.
Utdrag frå boka ”Vårt hundreår – norsk historie 1905- 1990” av professor Berge Furre, side 234-235
(Mine uthevinger)
|
|